Zinow Genealogy Website

The history of the Norwegian Zinow family, and their connected families of Lorentzen, Hugaas, Schøyen, Møller, Skrogstad, Høyem, Reitan, Brinchmann, Sværen, Harbo, Bernhoft, Hiorth, Linge, Tjomsaas, Cudrio, Borlaug, Husabø, Børsheim, Coucheron, Irgens etc. ...and for our beautiful long-haired dachshund; Tina

Share Print Bookmark

Domalde Visbursson

Male


Generations:      Standard    |    Vertical    |    Compact    |    Box    |    Text    |    Ahnentafel    |    Fan Chart    |    Media    |    PDF

Generation: 1

  1. 1.  Domalde Visbursson (son of Visbur Vanlandesson).

    Other Events and Attributes:

    • Residence: Uppsala län, Sverige; Drott.

    Notes:

    Residence:
    Stor nød og sult. Store blot ble gjort, først med okser så med mennesker uten at det hjalp på åringene. Domalde fikk nå skylden for de dårlige tidene og ble drept og blotet.

    Fra Ynglingesagaen:

    15. Domalde tok arv etter Visbur, far sin, og raadde for landi. I hans dagar vart det fæl svult og naud i Svitjod. Daa heldt sviane store blot i Uppsalir; fyrste hausten blota dei naut, men de besna ikkje med aaringen for de. Hausten etter tok dei til aa blota menn, men aaringen vart ved same lage eller verre. Men den tridje hausten kom sviane mangmente til Uppsalir, daa de skulde vera blot. Daa samraadde hovdingane seg med kvarandre, og dei vart samtykte um de, at uaare kom fraa Domalde, kongen deira, og likeins at dei skulde blota han for gode aaringar og taka paa han og drepa han og farga stallane (1) raude med blode hans. Og det gjorde dei og.

    So segjer Tjodolv:

    Fordom de hende,
    dei farga jordi,
    sverd-kjempur,
    med kongeblod.
    Og mot Domalde,
    dømt fraa live,
    landsheren bar
    blodute vaapn,
    og svia-menn
    av svelting leide
    jute-hataren (2)
    til Hel sende.

    Forklaringer:
    (1) Stalle er ein tram (liksom eit altar) som gude-bilæti stod paa i dei gamle hovi.
    (2) Domalde (I fiendskap med jutane i Danmark).

    Family/Spouse: Unknown. [Group Sheet] [Family Chart]

    Children:
    1. Domar Domaldesen

Generation: 2

  1. 2.  Visbur Vanlandesson (son of Vanlande Svegdirsen and Driva Snøsdatter).

    Other Events and Attributes:

    • Residence: Uppsala län, Sverige; Drott.

    Notes:

    Residence:
    Gift med datter til Aude den rike som han ga 3 storgarder til i brudegave pluss en stor halsring av gull.

    De fikk 2 sønner, Gisl og Ondur.

    Tok seg ny kone som han fikk sønnen Domalde med.

    Nektet sine 2 eldste sønner arven etter sin mor, ble innebrent som hevn og en forbannelse om ættedrap i slekten for all framtid.

    Fra Ynglingesagaen:

    14.
    Visbur tok arv etter Vanlande, far sin; han gifte seg med dotter hans Aude de rike og gav henne i bruregaave tri store gardar og eit halsband av gull. Dei hadde tvo sønir, Gisl og Ondur. Visbur reiste fraa ho og fekk ei onnor kone, men ho fór til far sin med sønine sine.

    Visbur hadde ein son, som heitte Domalde. Stykmori hans Domalde lét seide ulukke paa han. Men daa sønine hans Visbur var 12 og 13 vetrar gamle, fór dei til han og kravde bruregaava til mor si; men han vilde ikkje ut med ho. Daa sagde dei, at gullhalsbande skulde verta den beste mannen i ætti hans til bane, og fór burt og heim. Daa tok dei paa med seiding att, so dei kunde faa drepi far sin. Daa sagde Huld seidkone ved deim, at slik skulde ho seida, og likeins at skyldfolk jamt skulde drepa kvarandre sidan i ætti til Ynglingane. Dei samtykte dette. Dermed samla dei folk og kom uventande paa Visbur um natti og brende han inne. So kvad Tjodolv:

    Vilje-borgi (1)
    aat Visbur konge
    bror til sjøen
    slukte der.
    Dei som vel
    mun verja garden (2)
    fæle skogs-øydar (3)
    paa farn sin hissa,
    og allveldug konge
    ved aaren hans eigin
    glodheit hund (4)
    gnellande beit

    Forklaringer:
    (1) Vilje-borgi er kroppen, som held viljen bundin.
    (2) Bror til sjøen er elden, liksom Loge er sagd aa vera bror aat Ægir (sjøen).
    (3) Høge folk; her sønine hans Visbur.
    (4) Elden.

    Children:
    1. 1. Domalde Visbursson


Generation: 3

  1. 4.  Vanlande Svegdirsen (son of Svegdir (Sveigde) Fjaelnirsen and Vana av Vanaheim).

    Other Events and Attributes:

    • Residence: Uppsala län, Sverige; Drott.

    Notes:

    Residence:
    Stor kriger, reiste på flere hærferder, bl.a. til Finland hvor han fikk Driva, datter til Snø den gamle. Døde under et mareritt, liket brent ved elva Skuta hvor det er reist bautasteiner etter ham.

    Fra Ynglingesagaen:

    13.
    Vanlande heitte son hans Svegde, som tok rike etter han og raadde for Uppsala-rikdomen. Han var ein stor hermann og fór vidt umkring i landi. Han gav seg til um vetteren i Finnland hjaa Snjaa (47) den gamle og fekk der dotter hans, Driva.
    Um vaaren fór han burt, men Driva var etter, og han lova aa koma att fyrr tri vetrar var gjengne; men han kom ikkje paa ti vetrar. Daa sende Driva bod paa seidkona Huld, men sende Visbur, son til henne og Vanlande, til Svitjod. Driva kaupte Huld til aa trolla Vanlande til Finland, eller so drepa han.

    Daa ho tok til aa seida, var Vanlande i Uppsalir; daa vart han huga paa aa fara til Finnland, men venine og raadsmennane meinka han de, og sagde at de kunde ikkje vera anna enn trollingi til finnane (48) som gjorde han so huga paa aa fara.
    Daa vart han svevnug, og han ladge seg til aa sova. Men best han hadde sovna av, skreik han og sagde at mara (49) reid han. Mennane hans sprang til og vilde hjelpa han, men daa dei tok han uppe i hovude, so reid ho beini, so dei heldt paa aa brotna; daa tok dei til føtane, men daa kvævde ho hovude, so han døydde.

    Sviane tok like og brende attved ei aa som heiter Skuta (50). Der sette dei bautasteinane hans. So segjer Tjodolv:

    Seidkona,
    sløg, og vond,
    Vanlande
    til Valhall sende,
    og trollkjeringi
    trakka skulde
    den storhuga
    stridsmann ihel.
    Beint ved Skuta
    baale stod
    aat den milde (51) kongen,
    som mara kjøvde.

    Forklaringer:
    (47) Namni Snjaa (snø) og Driva (snø-driva), liksom Gisl (skistav) og Ondur (ski), høyrer til i segnir om finnar; likeins ogso Froste (kap. 19) med sonen Loge. Ondur (flt. andrar) er nordlandske (finske) og østerdalske ski (ei lang ski og ei kort og klædd under midten med lodi reinsskinn med haari attetter).
    (48) Dei gamle nordmenn trudde, at finnane baade i Finnmarki og i Finnland var sers kunnige i allslag trollskap.
    (49) Mara hev dei tenkt seg som eit argt kvinnfolk, som sette seg paa sovande folk og tyngde og tjaadde deim.
    (50) Nokor elv med namne Skuta er ikkje kjend i Sverige. Kanskje hev Snorre mistydt verse, so at á beði skútu vil segja paa légo i skuta; um so er, hev Vanlande vorti brend i sitt eigi skip, liksom Hake (kap. 23).
    (51) Gjevmild.

    Vanlande married Driva Snøsdatter. [Group Sheet] [Family Chart]


  2. 5.  Driva Snøsdatter (daughter of Snø).
    Children:
    1. 2. Visbur Vanlandesson


Generation: 4

  1. 8.  Svegdir (Sveigde) Fjaelnirsen (son of Fjaelnir (Fjolne) Freysen).

    Other Events and Attributes:

    • Residence: Uppsala län, Sverige; Drott.

    Notes:

    Residence:
    Reiste rundt for å lete etter Gudeheimen og Odin den gamle. Kom til Tyrkland og Store-Svitjod og var borte i fem år. På reisen fikk han kona Vana av Vanaheim, sønn Vanlande. Forsvant under besøk på garden Stein i østre Svitjod, lokket inn i den store steinen der av en dverg.

    Fra Ynglingesagaen:

    11.
    Svegde tok rike etter far sin. Han lova høgt og dyrt, at han skulde leita etter Godheim og gamle Odin. Han fór med 12 mann vidt umkring i verdi; han kom ut til Tyrkland og Store-Svitjod og raaka der mange frendar og venir, og var 5 aar paa den ferdi.

    Daa kom han att til Svitjod og gav seg til heime en stund. Han hadde fengi ei kone, som heitte Vana, ute i Vanaheim; son deira heitte Vanlande.

    12.
    Svegdir fór ut att og leita etter Godheim. Aust i Svitjod er de ein gard som heiter Stein; der er de ein stein so diger som eit stort hus. Um kvelden etter soleglad, daa Svegde gjekk fraa drykkja til sengehuse, saag han burt paa steinen, og saag at de sat ein dverg under. Svegde og mennane hans var dugleg drukne og flaug burt åt steinen. Dvergen stod i døri og ropte paa Svegde og bad han ganga inn der, um han vilde finna Odin. Svegde sprang inn i steinen; men steinen lét seg att strakst, og Svegde kom ikkje att. So segjer Tjodoolv fraa Kvine:

    Svegde han sveik,
    som i svali held vakt,
    den dugrædde
    for Durins ætt (45).
    Inn i steinen
    den storlynde
    Aasa-fenden (46)
    flaug etter dvergen,
    og Sokminmes (45)
    sal den lysande,
    av jotunar bygd,
    vart gjævings grav.

    Forklaringer:
    (45) Durin, liksom Sokmime (Djupheims jotun), er dvergenamn.
    (46) Svegde (med di Ynglingane var av Aasa-ætt).

    Svegdir married Vana av Vanaheim. [Group Sheet] [Family Chart]


  2. 9.  Vana av Vanaheim
    Children:
    1. 4. Vanlande Svegdirsen

  3. 10.  Snø
    Children:
    1. 5. Driva Snøsdatter


This site powered by The Next Generation of Genealogy Sitebuilding v. 14.0, written by Darrin Lythgoe © 2001-2024.

Maintained by Tor Kristian Zinow.