Zinow Genealogy Website

The history of the Norwegian Zinow family, and their connected families of Lorentzen, Hugaas, Schøyen, Møller, Skrogstad, Høyem, Reitan, Brinchmann, Sværen, Harbo, Bernhoft, Hiorth, Linge, Tjomsaas, Cudrio, Borlaug, Husabø, Børsheim, Coucheron, Irgens etc. ...and for our beautiful long-haired dachshund; Tina

Share Print Bookmark

Vanlande Svegdirsen

Male


Generations:      Standard    |    Vertical    |    Compact    |    Box    |    Text    |    Ahnentafel    |    Fan Chart    |    Media    |    PDF

Generation: 1

  1. 1.  Vanlande Svegdirsen (son of Svegdir (Sveigde) Fjaelnirsen and Vana av Vanaheim).

    Other Events and Attributes:

    • Residence: Uppsala län, Sverige; Drott.

    Notes:

    Residence:
    Stor kriger, reiste på flere hærferder, bl.a. til Finland hvor han fikk Driva, datter til Snø den gamle. Døde under et mareritt, liket brent ved elva Skuta hvor det er reist bautasteiner etter ham.

    Fra Ynglingesagaen:

    13.
    Vanlande heitte son hans Svegde, som tok rike etter han og raadde for Uppsala-rikdomen. Han var ein stor hermann og fór vidt umkring i landi. Han gav seg til um vetteren i Finnland hjaa Snjaa (47) den gamle og fekk der dotter hans, Driva.
    Um vaaren fór han burt, men Driva var etter, og han lova aa koma att fyrr tri vetrar var gjengne; men han kom ikkje paa ti vetrar. Daa sende Driva bod paa seidkona Huld, men sende Visbur, son til henne og Vanlande, til Svitjod. Driva kaupte Huld til aa trolla Vanlande til Finland, eller so drepa han.

    Daa ho tok til aa seida, var Vanlande i Uppsalir; daa vart han huga paa aa fara til Finnland, men venine og raadsmennane meinka han de, og sagde at de kunde ikkje vera anna enn trollingi til finnane (48) som gjorde han so huga paa aa fara.
    Daa vart han svevnug, og han ladge seg til aa sova. Men best han hadde sovna av, skreik han og sagde at mara (49) reid han. Mennane hans sprang til og vilde hjelpa han, men daa dei tok han uppe i hovude, so reid ho beini, so dei heldt paa aa brotna; daa tok dei til føtane, men daa kvævde ho hovude, so han døydde.

    Sviane tok like og brende attved ei aa som heiter Skuta (50). Der sette dei bautasteinane hans. So segjer Tjodolv:

    Seidkona,
    sløg, og vond,
    Vanlande
    til Valhall sende,
    og trollkjeringi
    trakka skulde
    den storhuga
    stridsmann ihel.
    Beint ved Skuta
    baale stod
    aat den milde (51) kongen,
    som mara kjøvde.

    Forklaringer:
    (47) Namni Snjaa (snø) og Driva (snø-driva), liksom Gisl (skistav) og Ondur (ski), høyrer til i segnir om finnar; likeins ogso Froste (kap. 19) med sonen Loge. Ondur (flt. andrar) er nordlandske (finske) og østerdalske ski (ei lang ski og ei kort og klædd under midten med lodi reinsskinn med haari attetter).
    (48) Dei gamle nordmenn trudde, at finnane baade i Finnmarki og i Finnland var sers kunnige i allslag trollskap.
    (49) Mara hev dei tenkt seg som eit argt kvinnfolk, som sette seg paa sovande folk og tyngde og tjaadde deim.
    (50) Nokor elv med namne Skuta er ikkje kjend i Sverige. Kanskje hev Snorre mistydt verse, so at á beði skútu vil segja paa légo i skuta; um so er, hev Vanlande vorti brend i sitt eigi skip, liksom Hake (kap. 23).
    (51) Gjevmild.

    Family/Spouse: Driva Snøsdatter. [Group Sheet] [Family Chart]

    Children:
    1. Visbur Vanlandesson

Generation: 2

  1. 2.  Svegdir (Sveigde) Fjaelnirsen (son of Fjaelnir (Fjolne) Freysen).

    Other Events and Attributes:

    • Residence: Uppsala län, Sverige; Drott.

    Notes:

    Residence:
    Reiste rundt for å lete etter Gudeheimen og Odin den gamle. Kom til Tyrkland og Store-Svitjod og var borte i fem år. På reisen fikk han kona Vana av Vanaheim, sønn Vanlande. Forsvant under besøk på garden Stein i østre Svitjod, lokket inn i den store steinen der av en dverg.

    Fra Ynglingesagaen:

    11.
    Svegde tok rike etter far sin. Han lova høgt og dyrt, at han skulde leita etter Godheim og gamle Odin. Han fór med 12 mann vidt umkring i verdi; han kom ut til Tyrkland og Store-Svitjod og raaka der mange frendar og venir, og var 5 aar paa den ferdi.

    Daa kom han att til Svitjod og gav seg til heime en stund. Han hadde fengi ei kone, som heitte Vana, ute i Vanaheim; son deira heitte Vanlande.

    12.
    Svegdir fór ut att og leita etter Godheim. Aust i Svitjod er de ein gard som heiter Stein; der er de ein stein so diger som eit stort hus. Um kvelden etter soleglad, daa Svegde gjekk fraa drykkja til sengehuse, saag han burt paa steinen, og saag at de sat ein dverg under. Svegde og mennane hans var dugleg drukne og flaug burt åt steinen. Dvergen stod i døri og ropte paa Svegde og bad han ganga inn der, um han vilde finna Odin. Svegde sprang inn i steinen; men steinen lét seg att strakst, og Svegde kom ikkje att. So segjer Tjodoolv fraa Kvine:

    Svegde han sveik,
    som i svali held vakt,
    den dugrædde
    for Durins ætt (45).
    Inn i steinen
    den storlynde
    Aasa-fenden (46)
    flaug etter dvergen,
    og Sokminmes (45)
    sal den lysande,
    av jotunar bygd,
    vart gjævings grav.

    Forklaringer:
    (45) Durin, liksom Sokmime (Djupheims jotun), er dvergenamn.
    (46) Svegde (med di Ynglingane var av Aasa-ætt).

    Svegdir married Vana av Vanaheim. [Group Sheet] [Family Chart]


  2. 3.  Vana av Vanaheim
    Children:
    1. 1. Vanlande Svegdirsen


Generation: 3

  1. 4.  Fjaelnir (Fjolne) Freysen (son of Frøy Njårdsen and Gerd Gymirsdatter).

    Other Events and Attributes:

    • Residence: Uppsala län, Sverige; Drott.

    Notes:

    Residence:
    Under et besøk hos vennen Frode i Lejre på Sjælland falt han opp i et stort mjødkar nattestid og druknet.

    Fra Ynglingesagaen:

    11.
    Fjølne, son hans Yngve-Frøy, raadde daa for sviane og Uppsala-rikdomen; han var mektug og aarsæl og fredsæl.

    Daa var Fred-Frode i Leire. Med deim var de venskap, og dei baud kvarandre heim til seg.
    Daa Fjølne fór til Frode paa Selund, var de stelt til eit stort lag, og dei hadde bedi mange rundt umkring i lande. Frode hadde store husebygningar. De var gjort eit stort kjer der, mange alnir høgt, og oka med store timberstokkar; de stod i stogo under, men yvi der var der de eit loft, og golve var opi, so dei tømde drikken nedi der, og kjere var blanda fullt med mjød, og de var fælt sterk drikke der.

    Um kvelden fylgde dei Fjølne til hus i de næmaste lofte, og fylgje hans med. Um natti gjekk han ut i svali og skulde ganga for seg sjølv, og var svevn-ørin og daud-drukkin. Men daa han vende att til huse, gjekk han fram etter svali og til ei onnor loftsdør og inn der, og steig i mist og datt i mjød-kjere og gjekk til. So segjer Tjodolv fraa Kvine:

    Feig var de sagt
    at Fjølne var,
    i garden hans Frode
    han fekk de kjenna.
    Der var han lagi,
    at log (44) aat mjødhorn
    hans bane vart
    i vindlaus sjø

    Forklaringer:
    (44) Log (lögr), væte, avkok.

    Children:
    1. 2. Svegdir (Sveigde) Fjaelnirsen


Generation: 4

  1. 8.  Frøy Njårdsen (son of Njård Odinsen).

    Other Events and Attributes:

    • Residence: Uppsala län, Sverige; Drott.

    Notes:

    Residence:
    Første drotten i Uppsala hvor han bygde et stort hov. Til hovet la han alt han eide av land og løsøre, dette har altid holdt seg siden og blir kalt Uppsala-rikdommen (Uppsala-ød).

    Fikk tilnavnet Yngve som hedersnavn og etterkommerne ynglinger.

    Gift med Gerd Gymesdotter og fikk sønnen Fjolne.

    Døde sottedøden, liket ble holdt skjult i 3 år, første som ble hauglagt uten å bli brent.

    Ynglingesagaen eller Ynglingasaga er den første sagaen i Heimskringla, Snorre Sturlasons verk fra 1200-tallet om de norske kongenes historie fra den mytologiske fornalderen og fram til 1177.
    Sagaen omtaler de norrøne gudene som vanlige mennesker. Innvevd i denne fortellingen er det flettet inn referanser til viktige historiske hendelser.

    Ynglingesagaen bygger blant annet på et kvad fra omkring år 900. Kvadet Ynglingatal ble ifølge tradisjonen forfattet av den norske skalden Tjodolv den kvinværske. Kvadet inneholder korte beretninger om ynglingeættens konger.

    Sagaens kongerekke innledes med Odin og Frøy, som den kristne Snorre rekonstruerte til historiske personer. I den forbindelse fortelles historien om krigen mellom æser og vaner og den avsluttende fred, hvor Høne og Mime utveksles som gisler mot Njord, Frøy og Kvaser.

    Fra Ynglingesagaen:

    10.
    Frøy tok daa rike etter Njord; han vart kalla drottin yvi sviane og tok skattegaavur av deim. Han var vensæl og aarsæl liksom far sin. Frøy reiste eit stort hov i Uppsalir (40) og sette der hovudstaden sin og lagde dertil alle innkomune sine, baade land og lausøyre. Daa vart Uppsala-rikdomen (41) grunnlagd og hev haldi seg heile tidi sidan. I hans dagar tok Frode-freden til; daa var de gode aaringar i alle land; de trudde dei var Frøy som gjorde. Han vart so mykje meir dyrka enn hine gudane, som landsfolke i hans tid vart rikare enn fyrr, av freden og dei gode aaringane.

    Gjerd Gymesdotter heitte kona hans. Son deira heitte Fjølne. Frøy kalla dei eit anna namn for Yngve.

    Yngve-namne hadde dei lengi i ætti hans sidan til heiders-namn, og Ynglingar kalla dei sidan ættmennane hans.

    Frøy vart sjuk. Men daa sjukdomen tok paa han, fann dei paa raad; dei lét faa folk koma til han, og stelte til ein stor haug og sette dør på og tri gluggar. Men daa Frøy var slokna, bar dei han løynleg ut i haugen, og sagde til sviane at han var livde, og heldt vakt der tri vetrar; men all skatten tømde dei inn i haugen, i ein glugge gulle, men i den andre sylve, og i den tridje koparpeningane. Daa heldt dei gode aaringane og freden ved. Frøya heldt daa ved med blotingi, for di at ho var den einaste av gudane som livde etter, og ho vart daa utifraa namngjeti, so dei skulde kalla alle høgsette konur, som no heiter fruvur, etter hennar namn. Soleis heiter og kvar kone fruve yvi sin eigedom, men den som eig hus heiter husfru (42). Frøya var heller lauslynd.

    Odd heitte husbonden hennar, døtrane hennar heitte Noss og Gjerseme; dei var overlag væne, etter deira namn kallar dei no soleis dei dyraste eignalutine (43). Daa alle sviane visste at Frøy var daain, men dei gode aaringane og freden heldt ved so trudde dei, at soleis kom de til aa vera, so lengi Frøy var i Svitjod, og vilde ikkje brenna han, og kalla han gud yvi heile verdi, og blota mest til honom for gode aaringar og fred heile tidi sidan.

    Forklaringer:

    (40) Med Uppsalir er alltid i konge-sogune meint - Gamla Uppsala - nord for byen med de namn no (den tid kalla Østra Aaros); var ikkje vorti bispesæte endaa, den tid Snorre livde. Domkyrkja der tok dei til aa byggja i 1287.

    (41) Uppsala-rikdomen er dei gardane, som kongen i Uppsalir hadde til aa liva av, og som er de fyrste grunnlage til de svenske krungods.

    (42) Av husfru kjem truleg de danske ord hustru.

    (43) Hnoss tyder i gmln. klenodie, smykke, og gersemi ein dyr og gjæv eignalut.

    Frøy married Gerd Gymirsdatter. [Group Sheet] [Family Chart]


  2. 9.  Gerd Gymirsdatter
    Children:
    1. 4. Fjaelnir (Fjolne) Freysen


This site powered by The Next Generation of Genealogy Sitebuilding v. 14.0, written by Darrin Lythgoe © 2001-2024.

Maintained by Tor Kristian Zinow.