Zinow Genealogy Website

The history of the Norwegian Zinow family, and their connected families of Lorentzen, Hugaas, Schøyen, Møller, Skrogstad, Høyem, Reitan, Brinchmann, Sværen, Harbo, Bernhoft, Hiorth, Linge, Tjomsaas, Cudrio, Borlaug, Husabø, Børsheim, Coucheron, Irgens etc. ...and for our beautiful long-haired dachshund; Tina

Share Print Bookmark

Odin

Male


Personal Information    |    All    |    PDF

  • Name Odin  
    Birth Aserbadsjan Find all individuals with events at this location 
    Gender Male 
    Occupation Herre over svearne. 
    • Døde på sotteseng, lovga at alle døde skulle brennes, og det de eide av løsøre skulle brennes med dem. Aska skulle spres på sjøen eller graves ned i jorda. Det skulle blotes for godt år om høsten, midtvinters for grøden og det tredje om sommeren; seiersblotet. Innførte skatt, 1 penning på hver nese.

      Fikk gudestatus etter sin død og ble tilbedt og ofret til i mer enn tusen år.

      Mange koner og avkom, bl.a. Skade som han fikk sønnen Sæming med. Skade var først gift med Njord.

      Ynglingesagaen starter slik:

      1.
      Jordskiva, som menneskja bur paa, skjer de mange vikar inn i; store hav gjeng fraa den ytre sjøen inn i landi. De er kunnugt, at de gjeng eit hav fraa Norvasund (1) og alt ut til Jorsalaland (2).

      Fraa dette have gjeng de ein lang havsbotn i nordaust, som heiter Svartehave, og skil jordbolkane fraa kvarandre. Austanfor heiter lande Asia, men vestanfor kallar sume Europa, men sume Enea (3).

      Nordanfor Svartehave ligg Store-Svitjod (4) eller de kalde Svitjod.
      Store-Svitjod segjer sume er ikkje mindre enn Store-Serkland (5); sume liknar de med Store-Blaaland (6). Nørdste luten av Svitjod ligg ubygd av frost og kyld, sameleis som synste luten av Blaaland ligg i øyde av solsteik.
      I Svitjod er mange storbygdir, der er mange slag folk og, og mange maalføre: der er de kjempur, og der er de dvergar, og der er de blaamenn og, og der er de mange slag underlege folk og dyr og fælande store drakar.

      Nordantil dei fjelli, som ligg utanfor der folk bur, renn de ei aa gjenom Svitjod, som med retten heiter Tanais (7). Fyrr kalla dei ho Tanakvisl eller Vanakvisl; ho kjem til sjøen inne i Svartehave.

      Lande i Vanakvisline (8) kalla dei Vanaland eller Vanaheim. Denne aai skil millom jordbolkane. Austanfor heiter Asia, men Vestanfor Europa.

      2.
      Lande austanfor Tanakvisl i Asia kalla dei Aasaland eller Aasaheim, men hovudborgi, som var i lande, kalla dei Aasgard (9).

      I borgi var de ein hovding som heitte Odin, og der var ein stor blotstad. De var skikk der, at 12 hovgodar (10) var dei fremste; dei skulde raada for blotingi og døma mannemillom. Desse vart kalla diar (11) eller drottnar (12); deim skulde alt folke tena og lyda.

      Odin var ein stor her-mann og var mykje vidfarin, og lagde mange rike under seg. Han var so sigersæl at han hadde yvi-take i alle slag, og de kom til de, at mennane hans trudde at sigeren var han viss i kvart slag. Han hadde for skikk, naar han sende mennane sine til strid eller i andre ærendir, at han fyrst lagde hendane paa hovude deira og velsigna deim; dei trudde, at daa vilde dei hava lukka me seg. Soleis var de med mennane hans og, at kor dei kom i naud, paa sjø eller land, kalla dei paa hans namn, og dei totte jamnan dei fekk hjelp utav de. All si lit sette dei til honom. Han fór tidt so langt burt, at han var ute på ferdi mange aar.

      3.
      Odin hadde 2 brørar, den eine heitte Ve og hin heitte Vilje. Desse brørane styrde rike, naar han var burte. De var ein gong Odin var farin langt burt og hadde vori lengi ute, so Æsine totte at de ikkje var von um, at han skulde koma heimatt; daa tok brørane og skifte arven, men Frigg, kona hans, gifte dei seg med baae tvo. Meen ei stund etter kom Odin heim, og daa tok han att kona si.

      4.
      Odin fór med ein her mot Vanine; men dei tok djervt mot han og varde lande sitt, og de var ymist med sigeren. Dei herja lande aat kvarandre og gjorde skade. Men daa dei vart leide av dette, sette dei stemnelag med kvarandre og gjorde fred og gav kvarandre gislar.

      Vanine gav dei gjævaste mennane sine, Njord den rike og Frøy, son hans, men Æsine ein som heitte Høne, og sagde at han høvde framifraa godt til aa vera hovding. Han var ein stor og utifraa væn mann. Med honon sende Æsine ein som heitte Mime og var ein ovleg klok mann. Men Vanine paa si side gav den visaste mannen i sin flokk, som heitte Kvaase.
      Daa Høne kom til Vanaheim, gjorde dei han straks til hovding. Mime gav han alltid raad. Men naar Høne var paa ting eller stemne, og Mime var burte og de kom vanskelege sakir for han, daa svara han støtt sameleis:

      Lat andre raada, sagde han.

      Daa kom Vanine paa den trui, at Æsine hadde sviki deim paa mannebyte. Daa tok dei Mime og hogg hovude av han og sende til Æsine. Odin tok hovude og smurde de med slikt gras, at de ikkje kunde rotna, og kvad galdrar (13) yvi og trolla de slik at de tala ved han og sagde mange løynde ting til han.

      Odin sette Njord og Frøy til blotgodar, og dei var diar hjaa Æsine. Dotter hans Njord heitte Frøya; ho var blotgydju (14), og ho lærde fyrst Æsine seid (15), som var skikk hjaa Vanine. Daa Njord var hjaa Vanine, hadde han vori gift med syster si; for slik var lovi der. Borni deira var Frøy og Frøya. Men hjaa Æsine var de forbodi aa gifta seg med so nært skyldfolk.

      5.
      Der gjeng ein stor fjellgard (16) fraa nordaust og til sudvest; han skil millom Store-Svitjod og andre rike. Sunnanfor fjelle er ikkje langt til Tyrkland (17); der hadde Odin store eigedomar.

      Paa den tid fór romerske hovdingar vidt umkring i verdi og lagde under seg alle folk, men mange hovdingar rømde eigedomen sin for ufreden. Men for di at Odin var framsynt og kunde trolla, so visste han, at avkjøme hans skulde bu i den nørdste luten av verdi.
      Daa sette han brørane sine Ve og Vilje yvi Aasgard, men sjølv drog han burt, og alle diane med, og mange andre folk.
      Fyrst fór han vest til Gardarike (18) og so sør til Saksland (19). Han aatte mange sønir; han lagde rike under seg rundt um Saksland, og sette sønine sine til aa styra lande der.
      So fór han nord til sjøen og tok bustad paa ei øy; der heiter de no Odinsøy (20) paa Fyn. Daa sende han Gjevjon nord yvi sunde paa lande-leit. Daa kom ho til kong Gylve, og han gav henne eit plogsland.
      So fór ho til Jotunheim (21), og fekk der 4 sønir med ein jotun; ho skapa deim um til uksar, og spende deim for plogen og drog lande ut i have gjegnt imot Odinsøy; de kallar dei Selund (22), og der budde ho sidan.
      Ho vart gift med Skjold, son til Odin. Dei budde i Leidra (23). De er eit vatn eller ein sjø etter der no, som heiter Logen (24). Fjordane ligg i Logen sameleis som nesi paa Selund. Soleis kvad Brage den gamle:

      Gjevjon glad drog lande
      fraa Gylve, rik på sylv.
      Daa tjoran' (25) rende, for fotom
      de rauk, og Danmark aukast.

      Med aatte stjernur (26) i skallen
      stutan' fór til aa kuta (27);
      med fire hovud sitt herfang
      aat have dei drog i kav (28).

      Men daa Odin spurde at de var godt land aust hjaa Gylve, fór han dit, og han og Gylve gjorde forlik, av di Gylve totte ikkje han hadde magt til å standa mot Æsine. Odin og Gylve hadde mangt seg imillom med prettur og syn-kvervingar, og Æsine hadde jamnan yvitake.

      Odin tok seg bustad ved Logen, der som no heiter Gamle Sigtun (29), og gjorde der eit stort hov og blot, som skikk var hjaa Æsine. Han lagde under seg der alt de land som han gav namne Sigtun. Han gav bustad til hovdgodane; Njord budde paa Noatun, og Frøy i Uppsalir, Heimdall paa Himinbjørg, Tor paa Trudvang, Balder paa Breidablik (30). Alle deim gav han gode gardar.

      6.
      Daa Aasa-Odin kom til nordlandi, og diane med honom, er de sagt for visst, at dei tok til med og lærde folk dei kunstir, som dei lengi etter hev drivi paa med.

      Odin var den gjævaste av deim alle, og av honom lærde dei alle ihop kunstine; for han var den fyrste som kunde deim, og var attaat den som kunde flest. Men um de er aa segja, kvifor han var so æra, at de kom seg av di, at han var so væn og drusteleg å sjaa, naar han sat med venine sine, at de var reint ein hugnad for alle. Men naar han var i ufred, saag han fæl ut for uvenine sine. Men dette kom seg av di, at han kunde slike kunstir, at han skifte lit og skapnad paa alle vis som han vilde. Likeins tala han go godt og so greidt, at alle, som høyrde paa, totte at ikkje anna var sant; alt sagde han paa vers, soleis som ein no kved de som heiter skaldskap. Han og hovgodane hans heiter visediktarar, for di at den kunsti tok til med deim i nordlandi. Odin kunde gjera so, at i slagi vart uvenine hans blinde eller dauve eller rædde, og vaapni deira beit ikkje meir enn paakar. Men hans menn fór brynju-lause og var galne som hundar eller vargar og beit i skjoldane sine, og var sterke som bjørnar eller gra-uksar. Dei drap for fotom, men korkje eld eller jarn beit paa deim. De kallar dei berserksgang (31).

      7.
      Odin skifte ham; daa laag kroppen som sovande eller daud, men daa vart han til fugl eller dyr, fisk eller orm, og fór daa i ein svip til land som laag langt undan, og gjekk ærendir anten for seg sjølv eller andre.
      De kunde han og gjera berre med ord, baade sløkkja eld og stilla sjøen og snu vinden dit han vilde.

      Odin aatte eit skip, som heitte Ski-bladne, som han fór paa yvi store hav; men dei kunde tulla de ihop til ein duk.

      Odin hadde med seg hovude hans Mime, og de fortalde han mange hendingar fraa andre verdir. Men stundom vekte han upp daude menn av jordi eller sette seg under folk som hekk i galgen. Difor vart han kalla draugedrottin eller galgedrottin.

      Haa aatte tvo ramnar, som han hadde lært aa tala; dei flog vidt umkring i verdi og fortalde han mange hendingar.

      Alle desse kunstine lærde han andre med runir og slike kvæde som dei kallar galdrar; difor kallar dei Æsine galdre-kvedarar.
      Odin kunde den kunsti, som hadde meste magti, og som han sjølv dreiv paa med, og de var seid. Av den kunde han vita lagnaden aat folk, og ting som ikkje var hendt andaa, og likeins gjeva folk bane og uheppe og vanhelse og taka vit og magt fraa folk og gjeva til andre. Men de fylgjer so mykje umannslegt med denne trollskapen, naar dei driv paa med han, at dei totte ikkje at karfolk skamlaust kunde fara med slikt, og difor lærde dei gydjune denne kunsti.

      Odin visste om alt jordgravi gods, kor de var løynt, og han kunde slike kvæde, at jord og berg og steinar og haugar lét seg upp for han, og han batt berre med orda deim som raadde for de, og gjekk inn og tok de han vilde. Av desse gaavune vart han mykje namngjetin; uvenine var rædde han, men venine hans sette lit til han og trudde paa magti hans og paa han sjølv.

      Han lærde blotgodane sine dei fleste kunstine; dei var næst etter honom i all visdom og trolling. Men mange andre lærde og mykje av dette, og fraa dette hev trolling komi vidt umkring og hev haldi seg lengi. Men til Odin og dei 12 hovdingane blota folk og kalla deim for gudane sine og trudde paa deim lengi etter.

      Etter Odins namn laga dei namne Audun (32), og so kalla folk sønine sine, og av Tord namn laga dei Tore er Torarin, eller dei lagde andre namn til, slikt som Steintor eller Havtor, eller brigda de paa endaa fleire maatar.

      8.
      Odin gjorde de til lov i lande sitt som fyrr hadde vori lov hjaa Æsine. Soleis skulde dei brenna alle daude menn og bera paa baale med deim eigedomen deira. Han sagde de, at so stor rikdom skulde kvar koma til Valhall (33) med, som han hadde med seg paa baale. De skulde han og njota, som han sjølv hadde gravi i jorda; men oska skulde dei bera paa sjøen eller grava ned i jordi.
      Etter gjæve menn skulde dei gjera ein haug til minne; men etter alle dei mennane, som de hadde vori nokon manndom med, skulde dei reisa bautasteinar; og den skikken heldt seg lengi sidan.

      Daa skulde dei blota mot vetteren for godt aar; men midvetters blota for grøde, og tridje gongen um sumaren, og de var sigers-blot.

      I heile Svitjod lagde dei skatt aat Odin, ein pening for kvar nos; men han skulde verja lande deira for ufred og blota for deim til godt aar.

      Njord fekk ei kone, som heitte Skade; ho vilde ikkje liva ihop med han, og gifte seg sidan med Odin. Dei hadde mange sønir; ein av deim heitte Sæming; um honom dikta Øyvind Skaldaspillar dette:

      Gjæv son fekk Odin
      med jotungjenta,
      skattekongen (34),
      som skjolden fargar (35),
      daa stridsmanns-venen
      og Skade budde
      si meste tid
      i Mannaheim.
      Skiløypar-disi (36),
      dotter til fjelle,
      med Odin aatte
      ymse sønir.

      Til Sæming rekna Haakon jarl den megtuge si ætt. Dette Svitjod (37) kalla dei Mannheim, men Store-Svitjod kalla dei Godheim (38); fraa Godheim fortalde dei mange tidendir.

      9.
      Odin lagdes helsott i Svitjod, og daa de leid innpaa med han, lét han merkja seg med geirs-odd (39) og eigna til seg alle vaapn-daude menn. Han sagde, at han vilde fara til Godheim og taka mot venine sine der. No trudde sviane, at han var komin til gamle Aasgard og livde der æveleg. Daa tok dei til aa tru paa Odin paa nytt lag og kalla paa han. Sviane totte tidt at han synte seg for deim, fyrr de stod store slag, og daa gav han sume siger, men sume baud han til seg; baae kaar tottest vera gode.

      Daa Odin var daain, vart han brend, og de vart drusteleg gjort. Dei trudde de, at di høgre røyken steig upp i lufti di meir vart den vyrd i himilen, som vart brend, og at han vart rikare, di meir gods de vart brent med han.

      Njord fraa Noatun vart daa herre yvi sviane og heldt ved med blotingi; honom kalla sviane daa sin drottin, og han tok skattegaavur av deim.
      I hans dagar var de god fred og so gode aaringar i alle maatar, at sviane trudde de, at Njord raadde for aaringen og velferdi til folk. I hans tid døydde dei fleste diane, og alle vart dei brende, og dei blota til deim sidan.

      Njord sottdøydde; han lét og seg merkja til Odin, fyrr han døydde: sviane brende han og stor-grét yvi gravi hans.

      Forklaringer:
      (1) Norvasund er sunde ved Gilbraltar.
      (2) Jorsalaland er Jødeland, lande kring Jorsalir (Jerusalem).
      (3) Enea, for di at dei i millomalderen trudde at mange folk i Europa var ætta fraa Æneas og Troja-folke.
      (4) Store-Svitjod er namn paa Russland; de mindre Svitjod er Sverige.
      (5) Serkland er der serkane eller sarasenane bur, i Vestasia, Nordafrika (og Spania). Store-Serkland er Nordafrika.
      (6) Blaaland er der dei svarte bur.
      (7) Tanais heiter no Don; vart rekna for grense-elv millom Asia og Europa og var tenkt aa koma fraa nokre fjell langt i nord.
      (8) Kvisl tyder ei "kluft" og kan vera ein arm eller ei grein av ei elv.
      (9) Dei gamle gudane vart kalla Æsir (eintal Ass); Snorre fylgjer den synsmaaten, som var komin upp i millom-alderen, at dei var trollkunnuge folk, som hadde livt i gamle dagar, og leider deira namn Ass fraa Asia.
      (10) Hovgodar er de same som tempelprestar.
      (11) Diar er de same som gudar, men ikkje ofte brukt, og er kanskje komi fraa irsk.
      (12) Drottnar, av drottin, herre, mest um hovdingar for ei hird (drótt).
      (13) Troll-songar.
      (14) "Prestinde", som hadde aa staa fyri ofringar (blot).
      (15) Seid var eit slag trolldom, som var endaa styggare enn galder.
      (16) Her er meint Kaukasus, som dei i millomalderen trudde gjekk fraa nordaust til sudvest (i staden for fraa sudaust til nordvest).
      (17) Med Tyrkland er meint Litleasia og landi der umkring, og helst lande umkring Troja.
      (18) Gardarike er paa lag de same som no er kalla Russland.
      (19) Nordtyskland, lande aat saksane.
      (20) Odinsey eller Odinsvé (av vé, heilagdom) er Odense i Danmark.
      (21) Jötunheimar er, etter de Snorre tenkjer seg, eit land i nord eller nordaust for Sverige.
      (22) Selund er Sjælland.
      (23) Hleiðra, seinare Leire, nær Roskilde paa Sjælland. Skjold var ættfar til Skjoldungane, kongane i Danmark.
      (24) Logen (Lögrinn) er Mælaren (log er de same som vatn).
      (25) Stutane.
      (26) Augo.
      (27) Renna.
      (28) Djupsjøen.
      (29) Game Sigtúnir laag nær der som no er kalla Sigtuna, paa øystre sida av Uppsala-fjorden.
      (30) Nóatún, Himinbjörg, Þrúðvangr og Breiðablik er ikkje stadir paa jordi, men høyrer heime i gudelæra.
      (31) Berserk er ein gjeng i bjørnehud (bere er de same som bjørn).
      (32) Namne Audun kjem ikkje av Odin, som Snorre hev meint, men av auðr (rikdom) og vinr (ven).
      (33) Valhall er halli aat Odin (i himilen), der fallne stridsmenn skulde koma etter dauden.
      (34) Sæming; skattekonge, underkonge, den som svarar skatt.
      (35) Den som fargar skjolden raud av blod, er ein modig mann.
      (36) Skiløypar-dis er gudinna som gjeng paa ski.
      (37) Sviþjoð er de som no heiter Svealand, men vert og, liksom Svíaríki eller Svíaveldi, brukt um alle dei land som seinare kom under dei svenske kongane i Uppsalir.
      (38) Goðheimr, gude-heimen.
      (39) Geir er de same som spjot. Naar einkvar heldt paa og skulde sottdøy, merkte han seg med geirs-oddden, det vil segja: han drap seg.
      sidan. Njord sottdøydde; han lét og seg merkja til Odin, fyrr han døydde: sviane brende han og stor-grét yvi gravi hans.
    Person ID I4782  My Genealogy
    Last Modified 4 Aug 2016 

    Family 1 Frigg 
    Children 
    +1. Njård Odinsen  [Birth]
    Family ID F2598  Group Sheet  |  Family Chart
    Last Modified 3 Mar 2015 

    Children 
     1. Skjold Odinsen  [Birth]
    Family ID F2599  Group Sheet  |  Family Chart
    Last Modified 3 Mar 2015 

    Family 3 Skade 
    Children 
     1. Særning Odinsen  [Birth]
    Family ID F2600  Group Sheet  |  Family Chart
    Last Modified 3 Mar 2015 


This site powered by The Next Generation of Genealogy Sitebuilding v. 14.0, written by Darrin Lythgoe © 2001-2024.

Maintained by Tor Kristian Zinow.