- Foreldre var Johannes Lassesen og Synneva Sølfestsdatter på Bøyum.
Synneva Sølfestsdotter f. 28.juli 1847 flytte til Fjærland i Balestrand der ho 8.juni 1870 gifte seg med Johannes Lasseson frå Bøyum i Fjærland. Han var son av husmann Lasse Larsson på Sva under Bøyum og kona Britha Johannesdotter frå Mundal og f. i Balestrand 14.august 1846.
Johannes og Synneva var ei tid innerstfolk og sidan strandsitjarar på ein plass under Bøyum i Fjærland, men utvandra i 1885 til Amerika.
Under namni John og Synneva Boyum finn me dei att som farmarar i Bandon township, Renville Co., Minn. der John d. 9.august 1915. Synneva Boyum d. i Blue Earth, Minn. 20.oktober 1922.
Dei fekk visstnok i alt 7 born, men eitt av desse, truleg født i Amerika, d. kort etter fødsli utan at me kjenner korkje namn eller datoar. Dei andre 6 borni var:
1. Britha, kjend som Bessie Boyum, f. i Balestrand 19.august 1870, utvandra til Amerika med foreldri i 1885 og d. i Blue Earth, Minn. 31.desember 1929.
Bessie gifte seg i Blue Earth, Minn. 21.november 1905 med Hans Nilsson, opphavleg frå Jordal i Balestrand, i Amerika kjend som Hans N. Jordahl.
Han var son av husmann Nils Helgeson på ein plass under Jordal og kona Siri Jørgensdotter frå Måren på Kyrkjebø og f. i Balestrand 21.mars 1868 og gifte seg første gongen i Balestrand 19.februar 1891 med Anna Lassesdotter frå Bøyum i Balestrand.
Ho var dotter av husmann Lasse Larsson på Sva under Bøyum og kona Britha Johannesdotter frå Mundal og f. i Balestrand 7.desember 1865.
Hans og Anna utvandra til Amerika i 1892 og busette seg i Blue Earth, Faribault Co., Minn. der Anna d. 7.mai 1903. Hans Jordahl d. under ei vitjing i Miles City, Mont. 6.mars 1934. Hans var butikkmann - store clerk - og han og Bessie vart buande levetidi ut i Blue Earth, Faribault Co., Minn. Hans fekk i alt 7 born; av dei var ein son frå andre ekteskapet med Bessie Boyum.
2. Margretha J. Boyum, f. i Balestrand 17.mars 1872, d. i Balestrand 29.januar 1874.
3. Margretha J. Boyum, f. i Balestrand 18.juni 1874, d. i Balestrand 22.september 1876.
4. Margretha, kjend som Margaret Boyum, f. i Balestrand 11.november 1876, utvandra med foreldri til Amerika i 1885, men d. i Renville Co., Minn. kring 1890, dato ukjend.
5. Sølfest, kjend som Sylvester J. Boyum, f. i Balestrand 18.oktober 1879, utvandra òg til Amerika med foreldri sine i 1885 og d. i Sleepy Eye, Minn. 28.mai 1973.
Han gifte seg i Renville Co., Minn. 21.mars 1911 med Marie Peterson. Ho var f. i Renville Co., Minn. 31.juli 1887 og d. i Renville Co., Minn. 4.juli 1960.
Sylvester og Marie Ness farma i Bandon township, Renville Co., Minn. og fekk 7 born i lag.
6. Lasse, kjend som Louis J. Boyum, f. i Balestrand 7.februar 1882, utvandra likeins med foreldri til Amerika i 1885 og d. i Renville Co., Minn. 22.januar 1949. Louis gifte seg i Renville Co., Minn. 20.juli 1920 med Nora Bollette Nelson.
Ho var f. i Renville Co., Minn. 12.februar 1886 og d. i Redwood Falls, Minn. 27.mai 1970.
Louis og Nora farma i Camp township, Renville Co., Minn. og fekk 4 søner i lag. [1]
|