- Fra Ynglingesagaen:
49.
Olav tok kongedøme etter far sin; han var ein megtug mann og ein stor hermann og utifraa væn og ein storvaksin kar. Han hadde berre Vestfold, av di kong Alvgeirr lagde under seg heile Vingulmark og sette kong Gandalv, son sin, yvi de. Dermed tok Alvgeir og Gandalv paa Raumarike og eigna til seg mesteparten av dette rike og fylke. Hogne heitte son hans Øystein den megtuge, som var kongen til upplendingane. Han lagde under seg heile Heidmarki og Toten og Hadaland. Daa snudde Vermeland seg og fraa Gudrødssønine og gav seg til aa leggja skatt til sviakongen. Olav var i tjugeaars-alderen, daa Gudrød døydde; men daa Halvdan, bror hans, vart med i styringi, so skifte dei rike millom seg; Olav fekk den øystre luten, og Halvdan synste luten. Kong Olav budde paa Geirstad (143). Han fekk verk i foten og døydde av de, og er hauglagd paa Geirstad.
So segjer Tjodolv:
Ei grein voks ut
paa gude-tree (144),
i Norigs rike
de retteleg treivst.
Sterkt kong Olav
styrde lande,
vidt og breidt
han i Vestmar raadde,
til dess fotverken
paa Foldar-strandi (145)
røva live
fraa rauste kongen.
No ligg paa Geirstad
gjæve stridsmann,
her-kongen
under haugen gøymd.
50.
Rognvald heitte son til kong Olav, som var konge paa Vestfold etter far sin. Han vart kalla Heidum-hære (146). Um honom dikta Tjodolv fraa Kvine Ynglinga-tal; der segjer han soleis:
Aldri eg høyrde
under himilen blaa,
at konge bar
betre namn,
enn daa Rognvald,
ror-styraren,
Heidum-hære
heita fekk.
Forklaringer:
(143) Geirstaðir, no Gjerstad i Tjølling sokn.
(144) De same som kongsætti.
(145) Folden er Kristianiafjorden.
(146) Snorre gjev i teksti heiðumhæri, som skulde tyda: "høgre enn heidane", men i verse heiðum-hárr, som S. Bugge tyder med "høithædret, ærerig". på Vestfold, Norge. [1]
|