- Egil het Aun den gamles sønn, han ble konge i Svitjod etter sin far; han var ingen hærmann og satt i ro hjemme i landet.
Tunne het en trell han hadde, som hadde vært hos Aun den gamle og vært fehirden hans. Da nå Aun var død, tok Tunne en mengde løsøre og grov det ned i jorda.
Men da Egil ble konge, satte han Tunne sammen med de andre trellene; dette likte han slett ikke, så løp han bort og mange andre treller med ham; de grov opp det løsøret han hadde gjemt, det gav han til mennene sine, og så tok de ham til høvding; siden kom det drivende alskens stygt pakk til ham, de lå ute på skogen, og stundom kom de ned i bygdene og rante eller drepte folk.
Kong Egil fikk høre om dette, og så tok han ut med hæren og lette etter dem. Men en kveld da han hadde slått seg ned for natta, kom Tunne med sitt folk uventet over dem og drepte mange av kongens menn.
Da kong Egil merket det var ufred, satte han seg til motverge og satte opp merket sitt, men det var mange av hans menn som flyktet fra ham. Tunne og hans folk gikk modig på, og kong Egil så da ingen annen utveg enn å flykte; Tunne og hans menn jagde dem like til skogs, og siden vendte de tilbake dit folk bodde og rante og herjet, og nå fikk de ingen motstand lenger. Alt det Tunne tok i herredet, gav han til de menn som fulgte ham, derfor ble han vennesæl og mannsterk.
Kong Egil samlet hær og gikk til kamp mot Tunne, de sloss og Tunne vant, og Egil flyktet og mistet mye folk. Kong Egil og Tunne kjempet med hverandre åtte ganger, og Tunne seiret alltid.
Da flyktet Egil til Danmark, til Frode den frøkne på Sjælland. Han lovte kong Frode skatt av svearne om han ville hjelpe; Frode gav ham en hær og kjempene sine.
Så fór Egil til Svitjod, og da Tunne fikk vite det, gikk han mot ham med sin hær, det ble et stort slag, og der falt Tunne. Kong Egil tok igjen riket sitt, og danene vendte hjem. Kong Egil sendte store og gode gaver til kong Frode hvert halvår, men betalte ingen skatt til danene, og likevel holdt vennskapet mellom han og Frode.
Etter at Tunne var falt, styrte Egil riket i 3 år.
Da hendte det en gang i Svitjod at en graokse som var eslet til blot, var blitt så gammel og så kraftig gjøddat den var blitt mannvond, og da de så ville ta den, rente den til skogs og ble vill og holdt til lenge i skogen og var til stor ugagn for folk.
Kong Egil var svær til å veide, han rei ofte om dagen ut i skogen og veidet dyr. Så var det en gang han hadde ridd ut på veiding med mennene sine; kongen hadde drevet et dyr lenge og rei i fullt løp etter det inn i skogen og bort fra alle de andre.
Da fikk han se graoksen og rei til og ville drepe den; oksen kom mot ham, og kongen stakk til den, men spydet skar ut; graoksen stakk hornene i sida på hesten, så den falt flat ned og kongen likeså; kongen sprang opp og ville dra sverdet, da kjørte oksen hornene i brystet på ham så de sto langt inn; så kom kongens menn til og drepte graoksen.
Kongen levde bare en kort stund, og han er hauglagt i Uppsala.
Fra Ynglingesagaen:
26.
Egil heitte son hans Aun den gamle, som var konge i Svitjod etter far sin. Han var ingin hermann og sat heime i ro.
Han hadde ein træl, som heitte Tunne, som hadde vori skattmeister hjaa Aane den gamle. Daa Aane hadde andast av, so tok Tunne mykje lausøyre (86) og grov ned i jordi. Men daa Egil vart konge, sette han Tunne millom hine trælane; dette lika han fælt ille og strauk av, og mange andre trælar med. Dei tok upp lausøyren, som Tunne hadde gøymt; den gav han mennane sine, og dei tok han til hovding. Sidan dreiv de mange illgjerningsmenn til han; dei laag ute paa skogen, og stundom snøgga dei seg ned i bygdine og røva fraa folk eller drap deim.
Kong Egil spurde dette og fór ut og leita etter deim med folke sitt. Men ein gong han hadde fengi hus til natti, so kom Tunne der med mennane sine og sprang uventande paa deim og drap mykje folk for kongen.
Daa kong Egil vart var ufreden, vilde han setja seg mot og sette upp merket sitt, men mykje folk flydde fraa han. Tunne og hans folk gjekk djervt paa, og daa kong Egil ingi onnor raad enn aa fly. Tunne og hine jaga deim alt til skogs; sidan fór dei attende til bygdi og herja og røva, og ingin sette seg mot. Alt de godse, som Tunne tok i bygdi, gav han aat mennane sine, og av dette vart han vensæl og fekk mykje folk.
Kong Egil samla ein her og fór til strid mot Tunne; dei heldt slag, og Tunne vann, men kong Egil flydde og miste mykje folk. Kong Egil og Tunni heldt 8 slag, og Tunne vann i deim alle. Etter dette flydde kong Egil ut or lande og til Danmark, til Frode den frøkne paa Selund. Han lova kong Frode skatt av sviane til aa faa hjelp.
Daa gav Frode han ein her og kjempune sine, og med deim fór kong Egil til Svitjod. Men daa Tunne spurde de, fór han mot han med sitt folk. Daa vart de eit stort slag; der fall Tunne, men kong Egil tok daa att rike sitt, og danine fór heim.
Kong Egil sende kong Frode gode og store gaavur kvart aar, men han reidde ingin skatt til danine; men venskapen heldt seg endaa millom honom og Frode.
Etter Tunne var fallin, raadde Egil aaleine for rike i 3 vetrar.
Daa hende de i Svitjod, at ein gra-ukse, som var etla til bloting, hadde vorti gamal og gjødd so upp, at han vart mannvond; daa dei vilde taka han, sette han til skogs og vart galin og var lengi i skogen og gjorde mykje skade for folk.
Kong Egil var ein stor skyttar, han reid jamt um dagane ute i skogane og veidde dyr. Det var ein gong han reid paa veidestig med mennane sine. Kongen hadde lengi jaga paa eit dyr, og reid etter inn i skogen fraa alle mennane sine.
Daa vart han var gra-uksen, og reid til og vilde drepe han. Gra-uksen snudde seg mot han, og kongen stakk til han, men spjote skar seg ut. Gra-uksen stakk horni i sida paa hesten, so han datt flat ned paa flekken, og kongen med. Daa sprang kongen upp paa føtane og vilde draga sverde, men gra-uksen stanga han for brjoste, so horni gjekk radt inn.
Daa kom menname aat kongen til og drap gra-uksen; kongen levde berre ei liti stund og er hauglagd i Uppsalir. So segjer Tjodolv:
Og den lovsæle (87) laut
or lande røma,
son hans Ty (88),
for Tunne den megtuge.
Men jotuns øyken (89)
paa Egil farga
blanke panne-sverd (90)
av blode raudt,
uksen, som hadde
aust i skogen
hovude lengi
høgt bori;
men hovud-sverde (91)
slire-laust
Skilvings-sonen (92)
stod til hjarta.
Forklaringer:
(87) Den namngjetne.
(88) Ty var son aat Odin og raade for sigeren; son hans Ty er difor de same som ein stor stridsmann.
(89) Uksen.
(90) Horne.
(91) Hovud-sverd utan slire er horne.
(92) Skilvingar er eit eldre namn paa den svenske konge-ætti.
|