- Dro på hærferd til Finland og underla seg landet etter slag mot høvding Froste. Tok Frostes datter Skjålv med hjem til Svitjod, likeså hennes bror Loge. La til ved Stokksund og tok Skjålv til kone. Agne hadde gullringen til Visbur rundt halsen og da han sovnet etter
all drikken, bandt hun et tau i ringen og fikk ham hengt i nærmeste tre.
Skjålv rømte med sine menn til skipene og rodde bort.
Agne ble brent, og siden heter det Agnafit der på nordsiden av Taur sør for Stokksund.
Fra Ynglingesagaen:
19.
Agne heitte son hans Dag, som var konge etter honom, ein megtug og framifraa mann, ein stor hermann og ein hæv kar i alle maatar.
De var ein sumar, at kong Agne fór med heren sin til Finnland og gjekk upp der og herja. Finnane samla mykje folk og fór til aa slaast med han. Froste heitte hovdingen deira. Der vart de eit stort slag, og kong Agne vann; der fall Froste og mykje folk med honom. Kong Agne fór med herskjold umkring i Finnland og lagde de under seg, og fekk ovmykje herfang. Han tok og hadde med seg Skjalv, dotter hans Froste, og Loge, bror hennar.
Daa han siglde vestetter, lagde han inn til Stokksund (67) og sette tjeldi sine sør paa strandi; der var daa skog. Kong Agne aatte de gullhalsbande som Visbur hadde aatt.
Kong Agne gifte seg med Skjalv. Ho bad kongen gjera erve-drykkje etter far hennar. Han baud daa til seg mange stormenn og gjorde eit stort lag. Han hadde vorti namngjetin av denne ferdi. De vart drukki mykje der, men daa kong Ange vart full, bad Skjalv han skulde agta vel paa gullhalsbande, som han hadde paa seg. Han tok daa og batt de fast um halsen paa seg, fyrr han gjekk stad og lagde seg. Landtjelde stod attmed skogen, og eit høgt tre yvi tjelde, som skulde skyggja for solsteiken. Men daa kong Agne var sovna, tok Skjalv eit digert snøre og feste under halsbande. Mennane hennar slo ned tjeldstengane og kasta lykkja paa snøre upp i greinine paa trée og tok i og drog, so kongen hekk heilt uppe ved greinine, og de vart banen hans.
Skjalv og mennane hennar sprang um bord og rodde burt. Agne vart brend der, og denne staden heiter fraa den tidi Agnafit (68), paa austsida aat Tauren (69) vestan Stokksund. So segjer Tjodolv:
Underlegt var de,
um Agne-heren
svik-fulle
Skjalv skulde lika,
daa syster hans Loge
upp i lufti drog
kongen gode
med gullhalsbande,
han som ved Taur
temja skulde
hesten svale,
at høy-tjuga gav
som Hagbard (70) reid.
Forklaringer:
(67) Stokksund er sunde millom Mælaren og have (saltsjøen) og heiter no Norrstrøm, paa nordsida av Staden, de gamle Stockholm.
(68) Agnafit, av fit eller fet, engslette, lav græsplan ved vandet (Ivar Aasen). Paa Agnafit ligg no den eldste luten av Stockholm, i sudkanten av Staden.
(69) Tauren, i gmlsvensk Tør, er halv-øyi millom Mørkøfjorden, Mælaren og Østresjøen. Austsida aat T. skulde rettare vori nordsida aat T. og vestan S. rettare sunnanfor S.
|