- Gift med datter til Aude den rike som han ga 3 storgarder til i brudegave pluss en stor halsring av gull.
De fikk 2 sønner, Gisl og Ondur.
Tok seg ny kone som han fikk sønnen Domalde med.
Nektet sine 2 eldste sønner arven etter sin mor, ble innebrent som hevn og en forbannelse om ættedrap i slekten for all framtid.
Fra Ynglingesagaen:
14.
Visbur tok arv etter Vanlande, far sin; han gifte seg med dotter hans Aude de rike og gav henne i bruregaave tri store gardar og eit halsband av gull. Dei hadde tvo sønir, Gisl og Ondur. Visbur reiste fraa ho og fekk ei onnor kone, men ho fór til far sin med sønine sine.
Visbur hadde ein son, som heitte Domalde. Stykmori hans Domalde lét seide ulukke paa han. Men daa sønine hans Visbur var 12 og 13 vetrar gamle, fór dei til han og kravde bruregaava til mor si; men han vilde ikkje ut med ho. Daa sagde dei, at gullhalsbande skulde verta den beste mannen i ætti hans til bane, og fór burt og heim. Daa tok dei paa med seiding att, so dei kunde faa drepi far sin. Daa sagde Huld seidkone ved deim, at slik skulde ho seida, og likeins at skyldfolk jamt skulde drepa kvarandre sidan i ætti til Ynglingane. Dei samtykte dette. Dermed samla dei folk og kom uventande paa Visbur um natti og brende han inne. So kvad Tjodolv:
Vilje-borgi (1)
aat Visbur konge
bror til sjøen
slukte der.
Dei som vel
mun verja garden (2)
fæle skogs-øydar (3)
paa farn sin hissa,
og allveldug konge
ved aaren hans eigin
glodheit hund (4)
gnellande beit
Forklaringer:
(1) Vilje-borgi er kroppen, som held viljen bundin.
(2) Bror til sjøen er elden, liksom Loge er sagd aa vera bror aat Ægir (sjøen).
(3) Høge folk; her sønine hans Visbur.
(4) Elden.
|