- Hugleik het Alvs sønn, som ble konge over svearne etter de 2 brødrene, for Yngves sønner var barn ennå.
Kong Hugleik var ingen hærmann, han satt i ro hjemme i landet. Han var svært rik og glad i penger; i hirden hadde han ofte allslags spillemenn, folk som spilte på harpe og gige og fele; han hadde også seidmenn hos seg og alskens trollkyndige folk.
Hake og Hagbart het 2 brødre, det var dugelige menn; de var sjøkonger og hadde stor hær, stundom seilte de ut sammen og stundom hver for seg. Hver av dem hadde mange kjemper med seg.
Kong Hake fõr med hæren sin til Svitjod mot kong Hugleik, men kong Hugleik samlet hær imot. Da kom det 2 brødre for å hjelpe ham, Svipdag og Geigad, framifrå menn begge 2 og store kjemper, Starkad Gamle var også der med ham den gang, kong Hake var sjøl ei stor kjempe.
De møttes på Fyrisvollene, der ble det et stort slag; Hugleiks folk tok snart til å falle; da gikk kjempene Svipdag og Geigad fram, men Hakes kjemper gikk 6 mot hver av dem, og de ble fanget; så gikk kong Hake inn i skjoldborgen til kong Hugleik og drepte ham der, både ham og de 2 sønnene hans.
Etter dette flyktet svearne. Men Hake la landet under seg og ble konge over svearne. Han satt nå hjemme i landet i 3 år, og mens han satt i ro, drog kjempene hans fra ham i viking og fikk seg gods på den måten.
Jørund og Eirik var sønnene til Yngve Alreksson, de lå ute på hærskip hele denne tida og var store hærmenn. En sommer herjet de i Danmark, da møtte de Gudlaug Håløygkonge og kom i strid med ham, og det endte med at Gudlaugs skip ble ryddet og og han sjøl fanget; de satte ham i land på Straumøynes, og der hengte de ham. Hans menn kastet haug etter ham der. De 2 brødrene Eirik og Jørund vant stor ære av dette, og de mente nå de var mye større menn enn før.
De fikk høre at kong Hake i Svitjod hadde sendt fra seg kjempene sine. Da tok de vegen til Svitjod og samlet seg hær. Men da svearne fikk vite at ynglingene var kommet, drog store flokker av folk over til dem. Deretter seilte de inn Mälaren og styrte opp til Uppsala mot kong Hake, han gikk imot dem på Fyrisvollene, men hadde mye mindre folk. Der ble det et stort slag, kongen gikk fram så hardt at han felte alle dem som kom nær ham, til slutt felte han også kong Eirik og hogg ned merket for begge brødrene; da flyktet kong Jørund og hele hans hær.
Kong Hake fikk så store sår at han skjønte han ikke hadde lenge igjen å leve. Da lot han laste et hærskip han hadde, med døde menn og våpen, han lot det seile ut til havet, lot styret legge i lag og seilene dra opp, han lot slå ild i tyrived og tenne bål på skipet; været stod fra land. Hake var døden nær eller død da han ble lagt på bålet; så seilte skipet brennende ut i havet. Dette ble det talt meget om i lang tid.
Fra Ynglingesagaen:
22.
Hugleik heitte son hans Alv, som tok kongedøme yvi sviane etter brørane, for di sønine hans Yngve var berre borni endaa.
Kong Hugleik var ikkje hermann og sat heime i ro og fred. Han var rik, men knipin paa gods. I hirdi si hadde han mykje med allslags spelemenn, som spela paa horpe og gige (74) og fele; han hadde og med seg seidmenn og allslags trollmenn.
Hake og Hagbard heitte tvo brørar, som var ovende vidspurde. Dei var sjøkongar og hadde mykje folk, og fór stundom baae tvo ihop, og stundom kvar for seg; mange kjempur var med baae tvo.
Kong Hake fór med heren sin til Svitjod mot kong Hugleik, og kong Hugleik samla ein her imot; daa kom tvo brørar, Svipdag og Geigad, til aa hjelpe han, namnkjende menn og store kjempur baae tvo. Kong Hake hadde med seg 12 kjempur, og der var Starkad den gamle og med. Kong Hake var ei stor kjempe sjølv og.
Dei møttest paa Fyrisvollane; der vart de eit stort slag, og snart fall mennane til kong Hugleik. Daa søkte kjempune Svipdag og Geigad fram, men kjempune hans Hake gjekk 6 mot kvar av deim og fanga deim. Daa gjekk kong Hake inn i Skjoldborgi mot kong Hugleik og drap han der og dei tvo sønine hans. Dermed flydde sviane, men kong Hake lagde lande under seg og vart konge yvi sviane.
Han sat daa heime i lande i 3 vetrar, men medan han sat roleg, reiste kjempune hans fraa han og paa vikingferd og samla rikdom.
23.
Jørund og Eirik var sønir til Yngve Alreksson; dei laag ute paa herskip heile tidi, medan dette stod paa, og var store hermenn. Ein sumar herja dei i Danmark, og daa raaka dei paa Gudlaug, konge yvi haaløygine (75), og heldt slag med han. Enden vart, at dei rudde skipe (76) hans Gudlaug, og han sjølv vart fanga. Dei hadde han i land paa Straumøy-nes (77) og hengde han der. Mennane hans kasta haug yvi han der. So segjer Øyvind Skaldespillar:
Auster-herens
hovdingar stolte
lét Gudlaug temja
den gruselege
Sigars-hesten (78),
daa sønine hans Yngve
gjevmilde konge
i galgen hengde.
Med lik i fange
luter paa nese
trée hans Vinge (79),
der viki seg kløyver.
Namngjetin er haugen
yvi hovding-like,
med merke-steinar
paa Straumøy-nese.
Brørane Eirik og Jørund vart namngjetne av dette; dei tottest vera mykje meir til menn enn fyrr.
Dei spurde, at kong Hake i Svitjod hadde sendt fraa seg kjempune sine; daa styrde dei til Svitjod og samla ein her. Men daa sviane spurde, at Ynglingane var komne dit, so dreiv de gruveleg mykje folk til deim. Sidan lagde dei upp i Logen og styrde til Uppsalir mot kong Hake; men han fór imot deim paa Fyrisvollane og hadde mykje mindre folk. Der var det eit stort slag; kong Hake gjekk so hardt fram, at han felte alle deim, som var næmast, og sistpaa fellte han kong Eirik og hogg ned merke til brørane. Daa flydde kong Jørund til skipe og heile heren hans.
Forklaringer:
(74) Eit slag spel-reide med strengir.
(75) Haaløygine budde i Haalogaland (Nordland, fraa Helgeland til Malangen) i Norig.
(76) Hogg ned mannskape.
(77) Ukjent kor helst de er.
(78) Galgen; Sigar, far henne Signy, lét hengja Hagbard, og galgen vart difor kalla hesten hans Sigar eller hesten hans Hagbard.
(79) Galgen.
|