- Stor nød og sult. Store blot ble gjort, først med okser så med mennesker uten at det hjalp på åringene. Domalde fikk nå skylden for de dårlige tidene og ble drept og blotet.
Fra Ynglingesagaen:
15. Domalde tok arv etter Visbur, far sin, og raadde for landi. I hans dagar vart det fæl svult og naud i Svitjod. Daa heldt sviane store blot i Uppsalir; fyrste hausten blota dei naut, men de besna ikkje med aaringen for de. Hausten etter tok dei til aa blota menn, men aaringen vart ved same lage eller verre. Men den tridje hausten kom sviane mangmente til Uppsalir, daa de skulde vera blot. Daa samraadde hovdingane seg med kvarandre, og dei vart samtykte um de, at uaare kom fraa Domalde, kongen deira, og likeins at dei skulde blota han for gode aaringar og taka paa han og drepa han og farga stallane (1) raude med blode hans. Og det gjorde dei og.
So segjer Tjodolv:
Fordom de hende,
dei farga jordi,
sverd-kjempur,
med kongeblod.
Og mot Domalde,
dømt fraa live,
landsheren bar
blodute vaapn,
og svia-menn
av svelting leide
jute-hataren (2)
til Hel sende.
Forklaringer:
(1) Stalle er ein tram (liksom eit altar) som gude-bilæti stod paa i dei gamle hovi.
(2) Domalde (I fiendskap med jutane i Danmark).
|