Zinow Genealogy Website

The history of the Norwegian Zinow family, and their connected families of Lorentzen, Hugaas, Schøyen, Møller, Skrogstad, Høyem, Reitan, Brinchmann, Sværen, Harbo, Bernhoft, Hiorth, Linge, Tjomsaas, Cudrio, Borlaug, Husabø, Børsheim, Coucheron, Irgens etc. ...and for our beautiful long-haired dachshund; Tina

Share Print Bookmark

Vanlande Svegdirsen

Male


Personal Information    |    All    |    PDF

  • Name Vanlande Svegdirsen 
    Gender Male 
    Residence Uppsala län, Sverige Find all individuals with events at this location 
    Drott. 
    • Stor kriger, reiste på flere hærferder, bl.a. til Finland hvor han fikk Driva, datter til Snø den gamle. Døde under et mareritt, liket brent ved elva Skuta hvor det er reist bautasteiner etter ham.

      Fra Ynglingesagaen:

      13.
      Vanlande heitte son hans Svegde, som tok rike etter han og raadde for Uppsala-rikdomen. Han var ein stor hermann og fór vidt umkring i landi. Han gav seg til um vetteren i Finnland hjaa Snjaa (47) den gamle og fekk der dotter hans, Driva.
      Um vaaren fór han burt, men Driva var etter, og han lova aa koma att fyrr tri vetrar var gjengne; men han kom ikkje paa ti vetrar. Daa sende Driva bod paa seidkona Huld, men sende Visbur, son til henne og Vanlande, til Svitjod. Driva kaupte Huld til aa trolla Vanlande til Finland, eller so drepa han.

      Daa ho tok til aa seida, var Vanlande i Uppsalir; daa vart han huga paa aa fara til Finnland, men venine og raadsmennane meinka han de, og sagde at de kunde ikkje vera anna enn trollingi til finnane (48) som gjorde han so huga paa aa fara.
      Daa vart han svevnug, og han ladge seg til aa sova. Men best han hadde sovna av, skreik han og sagde at mara (49) reid han. Mennane hans sprang til og vilde hjelpa han, men daa dei tok han uppe i hovude, so reid ho beini, so dei heldt paa aa brotna; daa tok dei til føtane, men daa kvævde ho hovude, so han døydde.

      Sviane tok like og brende attved ei aa som heiter Skuta (50). Der sette dei bautasteinane hans. So segjer Tjodolv:

      Seidkona,
      sløg, og vond,
      Vanlande
      til Valhall sende,
      og trollkjeringi
      trakka skulde
      den storhuga
      stridsmann ihel.
      Beint ved Skuta
      baale stod
      aat den milde (51) kongen,
      som mara kjøvde.

      Forklaringer:
      (47) Namni Snjaa (snø) og Driva (snø-driva), liksom Gisl (skistav) og Ondur (ski), høyrer til i segnir om finnar; likeins ogso Froste (kap. 19) med sonen Loge. Ondur (flt. andrar) er nordlandske (finske) og østerdalske ski (ei lang ski og ei kort og klædd under midten med lodi reinsskinn med haari attetter).
      (48) Dei gamle nordmenn trudde, at finnane baade i Finnmarki og i Finnland var sers kunnige i allslag trollskap.
      (49) Mara hev dei tenkt seg som eit argt kvinnfolk, som sette seg paa sovande folk og tyngde og tjaadde deim.
      (50) Nokor elv med namne Skuta er ikkje kjend i Sverige. Kanskje hev Snorre mistydt verse, so at á beði skútu vil segja paa légo i skuta; um so er, hev Vanlande vorti brend i sitt eigi skip, liksom Hake (kap. 23).
      (51) Gjevmild.
    Person ID I4774  My Genealogy
    Last Modified 18 Aug 2016 

    Father Svegdir (Sveigde) Fjaelnirsen 
    Relationship Birth 
    Mother Vana av Vanaheim 
    Relationship Birth 
    Family ID F2593  Group Sheet  |  Family Chart

    Family Driva Snøsdatter 
    Children 
    +1. Visbur Vanlandesson  [Birth]
    Family ID F2592  Group Sheet  |  Family Chart
    Last Modified 26 Mar 2015 


This site powered by The Next Generation of Genealogy Sitebuilding v. 14.0, written by Darrin Lythgoe © 2001-2024.

Maintained by Tor Kristian Zinow.