- Yngvar het kong Øysteins sønn; han ble så konge over Sveavelde. Han var en stor hærmann og lå mye ute på hærskip, for Svearike var den gang svært utsatt for herjinger både av daner og av folk i austerveg.
Kong Yngvar sluttet fred med danene og tok så til å herje i austerveg.
En sommer hadde han en hær ute og seilte til Estland og herjet der om sommeren; der det heter Stein. Da kom esterne innenfra landet med en stor hær, og det ble slag; landhæren var så svær at svearne ikke kunne stå imot; da falt kong Yngvar, og folket hans flyktet; han ble hauglagt der like ved sjøen, det er i Adalsysla (Øsel), på fastlandet.
Svearne seilte hjem etter denne useier.
Fra Ynglingesagaen:
32.
Yngvar heitte son hans Øystein, som daa vart konge yvi Sviavelde. Han var ein stor hermann og var tidt ute paa herskip, for di at Sviarike hadde vori mykje ute for her-flokkar, baade av danir og folk fraa Austerveg. Kong Yngvar gjorde fred med danine og tok daa til aa herja i Austerveg. Ein sumar hadde han ein her ute og fór til Eistland og herja der um sumaren ein staden som heiter Stein. Daa kom estane ned med ein stor her og heldt slag med han. Landsheren var so drjug, at sviane fekk ikkje verja seg; daa fall kong Yngvar, og heren hans flydde. Han er hauglagd der tett attmed sjøen i Adalsysla (103).Sviane fór heim etter dette tape. So segjer Tjodolv:
Kunnugt var de,
at konung Yngvar
for Sysla-folke
stupa laut.
Heren fraa Estland
ved havsens hjarta (104)
den ljosleitte hovdingen
i hel drap.
Auster-have
havgudens kvæde
syng ved haugen
aat sviakongen.
Forklaringer:
(103) Adalsysla (hovudsysla) var lande austanfor øyi Øsel (Eysysla); baae tilsaman, eller heile Estland, var kalla Sysla.
(104) Havsens hjarta er utlagt aa tyda de same som stein, og Snorre hev teki de som namn paa ein stad i Estland, Stein.
|