- Anders boede paa Alstahaug i Skogn, og var Kirkeværge over alle Kirker i Jndherret.
Med hans Hustrue Gunild avlehde han Hr Roald på Ytterøen, Henric i Størdalen, en Dotter som havde Hr Kield på Inderøen, en anden Dotter som havde en Prest i Bur hvis Søn var Hr Søfren i Bur.
Anders Alstahaug blev anden gang givt med en rig Bonde-Dotter. Hendes Børn bleve Bønder.
Han havde over alt 24 Børn, hvoraf mange døde førend de til mandlig Alder.
En Søn med den sidste kone var Thore Qvistad.
Da sokneprest Erlandsen skreiv det kjende verket sitt om - Den Nordenfjeldske Geistlighed - hadde han tilgjenge til nokre kjelder som seinare har komi bort. Han visste at dei to brørne Hr. Roald Andersen og Hr. Henrik Andersen var søner av bonden på Alstahaug, og den siste kallar han for Anders Eriksen Alstahaug, Kirkeskriver i Indherred. Der er ingen grunn til å tvile på denne opplysninga.
I 1574 da lensherren Ludvig Munk styrde Trondhjems Len med hard hand, let han arrestere nokre bønder i Gauldalen, fordi de hadde klaga på han til kongen. Dei ottast for straffa og sette seg til motverje. Dermed hadde dei gjort opprør, og lensherren ville ha dei dømt til døden.
Han kalla saman ein lagrett i Trondheim i juli 1574. Domstolen var samansett av 6 bønder, ein frå kvart av dei gamle trøndske småfylka nærast attmed byen, men vi kjenner ikkje namnet på fleire enn 2 av domsmennene:
Anders på Alshaug i Skogn og Oluf på Vist i Verdalen.
Domen vart slik som lensherren ønskte. Gauldalsbøndene vart dømde til døden og avretta.
Men så, i 1578, vart det sett ein Herredag i Trondheim, og da kom enkjene etter dei avretta bøndene fram med sin anke. Dei bad om at det måtte bli reist tiltale mot Anders på Alshaug og Oluf på Vist og dei andre forneme mennene som hadde seti i domstolen.
Saka kom opp 15.september og vart avgjort same dagen. Herredagen kom til det resultat at domen over Gauldalsbøndene var urettvis, og om Anders på Alstahaug og dei andre domsmennene heiter det at da har de ikke tydet eller forstaaet loven eller retterbødene som det sig burde. Korkje lensherren eller domsmennene vart dømde til noka straff, ikkje eingong ei skadebot. I alle høve er det ikkje nemnt noko om det i domboka.
Men i eit samtidig politisk skriftstykke som har titelen - Den Norske So - (ca. 1584) blir det sagt at dei fekk si straff. Domsmennene måtte syne dei avretta bøndene den æra å føre lika deira til vigd jord.
|