Zinow Genealogy Website

The history of the Norwegian Zinow family, and their connected families of Lorentzen, Hugaas, Schøyen, Møller, Skrogstad, Høyem, Reitan, Brinchmann, Sværen, Harbo, Bernhoft, Hiorth, Linge, Tjomsaas, Cudrio, Borlaug, Husabø, Børsheim, Coucheron, Irgens etc. ...and for our beautiful long-haired dachshund; Tina

Share Print Bookmark
Ole Julius Johannessen Duun

Ole Julius Johannessen Duun

Male 1876 - 1939  (62 years)

Personal Information    |    Media    |    Sources    |    All    |    PDF

  • Name Ole Julius Johannessen Duun 
    Nickname "Olav" 
    Birth 21 Nov 1876  Fosnes, Nord-Trøndelag, Norge Find all individuals with events at this location  [1
    Christening 21 Jan 1877  Fosnes, Nord-Trøndelag, Norge Find all individuals with events at this location  [1
    Gender Male 
    Confirmation 4 Oct 1891  Fosnes, Nord-Trøndelag, Norge Find all individuals with events at this location  [1
    Education 1901  Levanger, Nord-Trøndelag, Norge Find all individuals with events at this location  [2, 3
    Lærereksamen i 1904, Levanger lærerskole. 
    Occupation Abt Aug 1904  Inderøy, Nord-Trøndelag, Norge Find all individuals with events at this location  [2
    Vikarlærer. 
    Occupation Abt Aug 1908  Botne, Holmestrand, Vestfold, Norge Find all individuals with events at this location  [4, 5, 6, 7
    Lærer i folkeskolen, Ramberg skole, frem til 1927. 
    Residence Bef 1910  Botne, Holmestrand, Vestfold, Norge Find all individuals with events at this location  [8
    Ramberg skole. 
    • Familien på Ramberg skole under folketellingen i 1910:

      Lærer i folkeskolen O. Duun, født 21.november 1876 i Fosnes, og hustru Emma Duun, født 10.juli 1881 i Kolvereid.

      Deres datter Dagmar Duun, født 1.januar 1910 i Botne. [5]
    Residence 1914  Botne, Holmestrand, Vestfold, Norge Find all individuals with events at this location  [4, 7, 9
    Fjeldvang på Ramberg. 
    • Familien på Fjeldvang under folketellingen i 1920:

      Lærer i folkeskolen Ole Julius Duun, født 21.november 1876 i Fosnes, og hustru Emma Georgine Duun, født 10.juli 1881 i Kolvereid.

      Deres datter Dagmar Duun, født 1.januar 1910 i Botne. [4]
    Occupation Bef 1939 
    Forfatter som skrev på nynorsk. 
    • Forfattar Olav Duun, Olav Ole Julius Duun, født 21. november 1876, fødested Jøa i Fosnes, Nord-Trøndelag, død 13. september 1939, dødssted Tønsberg, gravlagd på Dun kyrkjegard, Fosnes.
      Foreldre: Bonde og fiskar Johannes Antonius Olsen Duun (1851–1936) og Elen Jensdatter Fossum (1851–1926).

      Gift i Botne 31.august 1908 med meierske Emma Georgine Møller (10.juli 1881–1970), dotter (utanfor ekteskap) til handelsmann Johan Møller og Elise Dyblie.

      Olav Duun høyrer til dei aller fremste norske forfattarar på 1900-talet. I perioden 1907–1938 gav han ut 25 romanar, 4 novellesamlingar (sogor er hans eiga sjangernemning) og 2 barnebøker (først i utgåver på riksmål, seinare på nynorsk). Knapt nokon annan norsk forfattar kunne nyta slik samla respekt som han i 1920-åra og 1930-åra, og dei beste romanverka hans, som t.d. 6-bandsverket Juvikfolket, Ragnhild-trilogien, Ettermæle og Menneske og maktene, vil bli ståande.

      Duun er språkkunstnar av rang, reint særleg i dei rike naturskildringane, med stor spenning i seg: solspel og forrivne skyer, snøstorm og måne over berg, hav som glitrar og speglar himmel og jord, storbåra som skavlast opp av storm og krev liv. Han kombinerer elles impulsar frå munnleg, folkeleg forteljekunst med raffinerte litterære grep. I framstillinga er det på det beste suveren balanse mellom lun humor og subtil ironi.

      Det er fylde i Duuns menneskeskildringar. Som få andre har han makta å gje meisterlege framstillingar av barn, både unge kvinner og menn, modne menneske, og av dei som står framfor døden. Dødsleieskildringane hans er monumentale og makelause i norsk litteratur. Menneskeskildringa til Duun er elles merkt av stor psykologisk innsikt, ikkje minst i umedvite sjeleliv og i korleis fortida som aktiv kraft i notida kan skapa irrasjonelle impulsar, mest i erotisk liv. Kjærleiken gjer mange av personane til Duun særleg ufrie. Av uklår tvang søkjer dei det forbodne, halvt incestuøse; av og til kan det sjå ut til å vera beinveges nedslag frå Freuds tankar omkring Ødipuskomplekset, men det er nok meir diktarens eigen fantasi enn impuls eller lån frå andre.

      Motivet med fortida og det umedvitne som ufridom og band er berre den eine sida. Fortida er også ei positiv kraft for Duuns menneske. Kontakten med ættetradisjonen er ein styrke for heltane i hans historiske romanar, og medvitet om dei som har levd før, og om styrken i deira handlingar kan hjelpa moderne menneske gjennom kriser. Duun er likevel ikkje fortidsromantikar. Han er også oppteken av å visa utvikling og mentalitetsendring frå generasjon til generasjon, og det etiske perspektivet er alltid viktig i romanane hans. Mennesket er nok ufritt, men har likevel alltid ei forplikting til å handla, i pakt med ein positiv vitalitet: den blinde farten, heiter det i Juvikfolke.

      Bibelske førestillingar er med i nesten alle Duuns bøker; somme av hans fremste skildringar, som av Odin på båtkvelven i I stormen og Ragnhild åleine under svarlause stjerner etter drapet på Didrik i Medmenneske har evangeliske førebilete. Men Duun er ingen “kristeleg” forfattar. Det enkelte mennesket står åleine i hans univers, men likevel har mennesket ansvar i den eksistensielle einsemda, ei moralsk forplikting som gjeld dei andre. Førestellinga om menneskeverd som ein grunnverdi får tydeleg uttrykk, t.d. i Menneske og maktene.

      Duun voks opp på Jøa, mest på garden Dun (Øverdon), nær bygdesenteret i Fosnes kommune. Han vart buande heime til han var 25 år gammal, arbeidde på gard og var med på fiske 9 vintrar. Han hadde sett korleis storm kunne piska hav og opplevd forlis, og han lærte landskap og miljø godt å kjenna. Den skiftande naturen må ha gjort sterkt inntrykk; folkelivet òg, og ikkje minst språk og munnleg forteljekunst. Nesten alt han skreiv seinare har motiv frå landskap og miljø han kjende frå tida heime, og skriftspråket hans er farga av målføret, særleg når han gjev att replikkar.

      Duun var den eldste i ein syskenflokk på 8. Det var meir enn 20 års aldersskilnad på han og den yngste broren. Tre av syskena døydde medan dei var mellom 3 og 5 år gamle, og det har nok påverka livet heime. Foreldra til Duun vart rivne med av lågkyrkjelege vekkingsbølgjer som gjekk over Jøa sist på 1800-talet. Duun kom seinare til å reagera sterkt mot at - lægpredikanter og andre troshelte huserer i ens hjem - og skilnaden i livssyn skapte avstand mellom han og foreldra.

      Duun vart tidleg litterært interessert. Han lytta intenst til gode munnlege forteljarar, og han las alt han kom over; det var som ein sjukdom, har han sagt.
      Han tok også tidleg til å skriva, i det handskrivne bladet i ungdomslaget på Jøa, og han sende manuskript til bladet Breidablik på Røros, der han fekk prenta sitt første dikt 1896. Same året sende han også sitt første bokmanus, 4 novelletter, til Olaf Norlis Forlag i Oslo. Det vart refusjon, som det også vart med eit nytt manus til Aschehoug forlag året etter, og i perioden 1897–1901 vart det i alt 5 refusjonar frå Aschehoug; alle dei første manuskripta var på det vanlege bokmålet.

      I 1901 tok Duun til ved Levanger lærarskole, der han fullførte den høgare lærarprøva 1904. Forfattaren Vetle Vislie var norsklæraren hans. Kontakten med Vislie fekk mykje å seia for Duuns utvikling som forfattar, og Duun og Vislie vart etter kvart også nære vener. I lærarskoletida tok Duun til å skriva landsmål, som vart språket hans seinare, personleg farga, med særmerke frå målføret både i formverk og ortografi.

      Duun var lærar i Trøndelag i 4 år, og 1908 vart han tilsett ved Ramberg skole i Botne i Vestfold, der han kombinerte læraryrket med dikting. Jamt over gav han ut ei bok for året også medan han var lærar. Han levde heller anonymt, i lag med kona og den eine dottera, Dagmar (f.1910). Dei kjøpte hus med vidt utsyn over fjorden, og der skreiv Duun med utgangspunkt i heimegrender han berre sjeldan vitja etter at han hadde flytt sørover.

      Med Statens stipendium gjorde Duun ferder til Sverige, Danmark og Tyskland 1912 og 1914; lengst tid budde han i Bayern, der han var då krigen braut ut i august 1914:

      Eg vilde sjå dei småbyane og leva millom dei menneskja som Auerbach, Hansjakob o.fl. har skildra i folkelivsbilæta sine, noko som eg lenge hadde ønskt eg kunde få høve til, skriv han i rapport til departementet.

      I 1927 søkte han avskil som lærar og vigde seg heilt til skrivinga.

      Duun publiserte lite dei første åra som lærar. Han gjorde ferdig ei diktsamling 1904 (hans første bokmanus på landsmål); den vart verande upublisert. Vislie rådde han til å skriva prosa i staden. 1907 debuterte Duun på Olaf Norlis Forlag med Løglege skruvar og anna folk. Sogor. Det er 12 soger i alt, folkelivsbilete, groteske humoresker, men også psykologiske portrett som peikar framover. Det er sikrare episke grep og tydelegare duunske motiv, som samanstilling av gamle verdiar og modernitet i den neste sogesamlinga, Gamal jord. Duun vart etter kvart ein meister også i det vesle formatet, ikkje minst i dei 2 seinare samlingane: Blind-Anders og Vegar og villstig.

      I dei 2 barnebøkene Duun gav ut under namnet Ole Raabye på Aschehoug forlag 1912 og 1913, Storbåten og Sommereventyr, begge på riksmål, møter vi nok den forteljande læraren. Det er rimeleg å tru at bøkene har blitt prøvde ut i skolesituasjonen først. I 1930-åra kom desse bøkene ut i nye utgåver på nynorsk, og Duun er ein god forteljar for barn.

      Den første romanen til Duun, Marjane, inneheld truleg restar av det han skreiv i 1890-åra. Det er ei uduunsk bok, med mykje sentimentalitet, men med glimt inn i det som kom til å bli landskap for mange av hans seinare romanar: ei kystbygd med garden Håberg som sentrum, og også somme av figurane i romanen møter vi att seinare.

      Langt meir moden og moderne er romanen Paa tvert, med imponerande innsikt i psykologiske kompensasjonsmekanismar. Umedvite sjeleliv, med raffinert påvising av at fortida lever i notida, er sentralmotivet i Nøkksjølia og endå meir i framhaldet av denne romanen, Sigyn. Sigyn-bøkene viser det som blir endå tydelegare seinare, at Duun er ein av dei fremste kvinneskildrarane i norsk litteratur. Meisterleg psykologisk skildring er det også i den romanen som kom mellom dei 2 Sigyn-bøkene:

      Hilderøya, som paradoksalt også kan karakteriserast som ein lyrisk roman om sjalusi, har samspel mellom natur og sjeleliv som eit sentralt motiv.

      Sjeleskildring og erotisk konflikttematikk står sentralt også i Tre venner, men her er samstundes meir vekt på sosiale spenningar, som det også er i Harald, og endå meir i Det gode samvite, med skildring av 3 generasjonar og endring av mentalitet og moralske normer i takt med moderniseringa av samfunnet. Erotisk psykologi dominerer absolutt i På Lyngsøya.

      Hovudverket til Duun er romansyklusen om Juvikfolket i 6 band:

      Juvikingar, I blinda, Storbryllope, I eventyre, I ungdommen og I stormen.

      Det er ein slektsroman frå bondemiljø i trøndsk kystsamfunn med perspektiv langt tilbake, men med vekt på tida frå tidleg 1800-tal til samtid. Vi lærer 6 generasjonar å kjenna, deira barske individualisme og utviklinga av tilhøvet deira til makter som natur, andre menneske, Vårherre og Satan, og vi ser deira kompliserte vokster inn i fellesskapen når den moderne tida kjem. Hovudpersonen i dei 3 siste romanane, Odin, syg kraft frå tradisjonen om dei gamle, men må handla annleis enn dei for å leva rett:

      Han ofrar til slutt frivillig livet for fienden som har krenkt han på det grovaste. Slik fører han ætta eit - høneføtt - framover.

      Juvikfolket er eit uvanleg rikt romanverk, språkleg suverent, med stor episk kraft, psykologisk innsyn og fint samspel mellom sjeleskildring og framstilling av sosiale og historiske prosessar.

      Juvikfolket vart Duuns gjennombrot også hos publikum, både i Noreg og utlandet, særleg Tyskland, der verket kom i fleire utgåver i 1920- og 1930-åra og fekk svært rosande kritikk, særleg av Max Tau, som såg på Duun som den fremste europeiske diktaren i samtida. Då verket var fullført, fekk Duun diktarløn.

      Han vart nominert til Nobelprisen i litteratur, og den sakkyndige i Svenska Akademien, Pär Hallström, skreiv ei svært rosande innstilling om verket og forfattaren. 13 gonger i alt vart Duun nominert til prisen; mellom dei som gong etter gong gjorde framlegg om hans kandidatur var historieprofessorane Oscar Albert Johnsen og Halvdan Koht, Harry Fett, Jens Thiis, Helga Eng og Paal Berg.

      Novellesamlinga Blind-Anders har nær tilknyting til Juvikfolket, etter som forteljingane er lagde i munnen på Anders Håberg, hovudpersonen i I blinda.

      For første gong etter debuten tok han 1 års pause og gav ikkje ut nokon roman 1925. Den moderne samfunnsromanen Straumen og evja er nok den minst vellykka av Duuns romanar, medan han gjorde stor suksess, ute og heime, med Olsøygutane, tilsynelatande ei frisk og lystig skildring av fire vitale fiskarbrør på ei lita øy ytst i havgapet, men i røynda ein subtil og heller mørk psykologisk roman om ufrie menneske med ironi til vern mot det såre dei ikkje kan tala om og knapt erkjenna. Carolus Magnus er dels frå hovudstaden og har trekk felles med Garborgs Bondestudentar. Romanen er ein studie i ufriskt sjeleliv; hovudpersonen må ein kunna karakterisera som psykopat.

      Kritikken var famlande; berre Sigurd Hoel såg meisterskapen også i denne romanen. Derimot var kritikken unisont rosande 1929, då Duun gav ut Medmenneske, første roman om Ragnhild på Stavsund; den gode lyse kvinna som berre ønskjer å gjera vel og vera forsonar mellom far og son i konflikt: verfaren hennar, den sleske Didrik Dale, og mannen hennar, Håkon. Det endar med at ho, utan å ha planlagt det, kjem til å ta livet av Didrik med øks. Ho veit at ho har handla ille, men vel å tolka handlinga som meiningsfull, og det eksistensielle og etiske spørsmål romanen reiser, blir: kan det vera rett å ta liv? Håkon meiner nei. Han lever ikkje opp til hennar von om fellesskap, og ho kjenner seg svikta av han då ho må ta på seg straffa. Duun var sjølv med og dramatiserte Medmenneske for Det Norske Teatret 1935 (saman med Knut Hergel). Det vart suksess, og stykket har blitt spela fleire gonger også dei siste tiåra. Det har også vore laga fjernsynsserie av Medmenneske.

      Dei 2 neste romanane i serien, Ragnhild og Siste leveåre, er mindre dramatiske, men særleg Ragnhild er ein framifrå roman om å venda tilbake til livet etter ei djup krise.

      I 1930-åra eksperimenterte Duun elles mykje med forma. Dei novellene han gav ut 1931, Vegar og villstig, har meir av tidlaust legendepreg enn dei tidlegare sogene. Romanen Ettermæle har blitt karakterisert som kriminalroman og dreiar seg om ein son som etterforskar mors død som faren har blitt skulda for. Samstundes etterforskar han si eiga fortid, som han ikkje kjenner.
      Ettermæle har seinare blitt dramatisert med stort hell. Gud smiler er komponert som 2 noveller med kvar sin hovudperson, og dei 2 kjenner ikkje kvarandre før mot slutten, då dei møtest og blir gifte.
      Samtid er ein bygderoman om strid og kiv og ulike slags konfliktar, men det karakteristiske – og formelt moderne – med romanen er at alt som hender, blir formidla gjennom eit sinn, i eit slags stream-of-consciousness-teknikk.

      Duun følgde opplagt med i utanlandsk litteratur og tok vare på impulsar frå det nye, både i USA og i Europa.
      Menneske og maktene, som vart Duuns siste roman, er også originalt komponert. I ei rammeforteljing, dvs eit opningskapittel og eit sluttkapittel blir det fortalt om ei uversnatt med storm og med storflo over eit lite øysamfunn der mange druknar men nokre overlever. Mellom dei to samtidsaktuelle kapitla er det fem kapittel om nokre av dei personane som blir stilte overfor påkjenningar og kriser denne uversnatta, både slike som overlever og slike som går til grunne. Det er som om Duun spør: Kva skal til for at menneske skal overleva?

      Duun var uvanleg høgt verdsett i si samtid. Han var den første som vart tildelt Gyldendals legat for norsk litteratur 1934. Særleg var han populær i Tyskland, i alle krinsar. Som den aller første fekk han på 60-årsdagen tildelt den store Henrik Steffens-prisen for skandinavisk litteratur og kunst. Universitetet i Hamburg stod som tildelar, professor Didrik Arup Seip var med i styret for prisen, men pengane kom frå ei stor kulturstifting, grunnlagd av forretningsmannen Alfred Töpfer. Duun tok imot prisen på 10 000 Reichsmark i Hamburg i april 1937.

      Olav Duun sine bøker er omsett til svensk, dansk, islandsk, tysk, engelsk, nederlandsk, italiensk, polsk, latvisk, tsjekkisk, slovensk, fransk, ungarsk og serbokroatisk.

      Verker:
      Løglege skruvar og anna folk. Sogor, 1907
      Marjane, 1907
      Paa tvert, 1909
      Nøkksjølia, 1910
      Gamal jord, 1911
      Hilderøya, 1912
      Storbåten, 1912
      Sommereventyr, 1913
      Sigyn, 1913
      Tre venner, 1914
      Harald, 1915
      Det gode samvite, 1916
      På Lyngsøya, 1917

      Juvikfolket, 1918–1923:
      Juvikingar, 1918,
      I blinda, 1919,
      Storbryllope 1920,
      I eventyre, 1921,
      I ungdommen, 1922,
      I stormen, 1923

      Blind-Anders, 1924
      Straumen og evja, 1926
      Olsøygutane, 1927
      Carolus Magnus, 1928

      Ragnhild-trilogien, 1929–1933:
      Medmenneske, 1929,
      Ragnhild, 1930,
      Siste leveåre, 1933

      Vegar og villstig, 1931
      Ettermæle, 1932
      Gud smiler, 1935
      Samtid, 1936
      Menneske og maktene, 1938

      IKKJE PUBLISERT MATERIALE:
      Brev i NBO (Brevsamling 436 og 472) diverse usystematisert materiale i Olav Duun-huset, Holmestrand

      Kilder og litteratur:
      K. Elster d.y.: biografi i NBL1, bd. 3, 1926.
      R. Thesen: Mennesket og maktene. Olav Duuns dikting i vokster og fullending, 1945.
      K. Haukaas: Olav Duun og bøkene hans. Ein bibliografi, 1954.
      B. Birkeland: Olav Duuns soger og forteljingar. Forteljekunst og tematikk, 1976.
      O. Hageberg: Olav Duun. Biografiske og litteraturhistoriske streiflys, 1995.
      d.s.: Forboden kjærleik. Spenningsmønster i Olav Duuns dikting, 1996.
      Brevsamling 472, NBO.

      Portretter m.m. KUNSTNARLEGE PORTRETT Byste av Stinius Fredriksen, u.å.; Det Norske Teatret, Oslo.
    Death 13 Sep 1939  Tønsberg sykehus, Tønsberg, Vestfold, Norge Find all individuals with events at this location  [7, 10
    Person ID I11327  My Genealogy
    Last Modified 9 Aug 2023 

    Family Emma Georgine Møller, "Nakling" / "Duun",   b. 10 Jul 1881, Kolvereid, Nærøy, Nord-Trøndelag, Norge Find all individuals with events at this locationd. 24 Oct 1970, Holmestrand, Vestfold, Norge Find all individuals with events at this location (Age 89 years) 
    Marriage 31 Aug 1908  Botne kirke, Holmestrand, Vestfold, Norge Find all individuals with events at this location  [6, 9
    Children 
     1. Dagmar Duun, "Engebretsen",   b. 01 Jan 1910, Botne, Holmestrand, Vestfold, Norge Find all individuals with events at this locationd. 3 May 1990, Skien, Telemark, Norge Find all individuals with events at this location (Age 80 years)  [Birth]
    Family ID F4602  Group Sheet  |  Family Chart
    Last Modified 9 Aug 2023 

  • Photos
    Duun Olav.jpg
    Duun Olav.jpg
    Forfatter Olav Duun (1876-1939).

  • Sources 
    1. [S1183] Kirkebok Fosnes, Nord-Trøndelag (Reliability: 3).

    2. [S1490] Kongsberg Dagblad (Reliability: 2).

    3. [S522] Avis: Jarlsberg (Reliability: 2).

    4. [S440] Norge: 1920 Folketelling (Reliability: 2).

    5. [S72] Norge: 1900 Folketelling, (Digitalarkivet, www.digitalarkivet.no, 03.12.1900) (Reliability: 2).

    6. [S1491] Avis: Vestfold Fremtid (Reliability: 2).

    7. [S318] Tønsberg Blad (Reliability: 2).

    8. [S74] Norge: 1910 Folketelling, (Digitalarkivet, www.digitalarkivet.no, 1910) (Reliability: 2).

    9. [S1004] Kirkebok Botne, Vestfold (Reliability: 3).

    10. [S742] Digitalarkivet, http://arkivverket.no/Digitalarkivet (Reliability: 2).


This site powered by The Next Generation of Genealogy Sitebuilding v. 14.0, written by Darrin Lythgoe © 2001-2024.

Maintained by Tor Kristian Zinow.