Zinow Genealogy Website

The history of the Norwegian Zinow family, and their connected families of Lorentzen, Hugaas, Schøyen, Møller, Skrogstad, Høyem, Reitan, Brinchmann, Sværen, Harbo, Bernhoft, Hiorth, Linge, Tjomsaas, Cudrio, Borlaug, Husabø, Børsheim, Coucheron, Irgens etc. ...and for our beautiful long-haired dachshund; Tina

Share Print Bookmark

Jonas Landt

Male - 1777


Personal Information    |    All    |    PDF

  • Name Jonas Landt 
    Gender Male 
    Occupation 1762  Valdres, Oppland, Innlandet, Norge Find all individuals with events at this location 
    Sokneprest. 
    • Jonas Landt vart fødd i Aurdal prestegard. I kyrkjeboka står det fylgjande den 16. februar i 1733: ved Ourdal. Blef Døbt af mig, min Søn Jonas. Fadr. Captain Stielow. Andreas Morland. Studiof De der Stub. Captain Stielows frue. Madame Marie Margaretha Morland. Moderen døde i Barsel Seng.

      Jonas vart undervist heime av Johan von Capellen, han som seinare vart gift med syster til Jonas. Han tok teologisk embetseksamen i 1754, og var heime og hjalp far sin, som hadde dårleg helse. Han vart ordinert til prest 3. januar 1755. 27. april 1759 vart han utnemnt til residerande kapellan, etter at Hans Pegmann vart sokneprest då Peder Landt, far til Jonas, døydde. I 1762, då Hans Pegmann døyr, blir Jonas Landt sokneprest og seinare Prost i Valdres. Hans Pegmann var gift med ei av dei eldre systrene til Jonas.

      20. september 1764 blir Jonas gift med Anne Sophie Stielow, dotter til Major Joachim Henrich Stielow og Catharina Hermana von Brochenhuus. Med henne fekk han to døtre, Hermana Sophie og Sophia Reitvend (Reichwein ?).

      Jonas døyr 27. april 1777. Enka, Anne Sofie, gav det fyrste orgelet til Aurdal kyrkje 12. desember 1792, til minne om Jonas.

      Jonas Landt er truleg ein av dei prestane som vart gravlagt under altaret i kyrkja.

      Det blir sagt at Anne Sophie fekk garden Sofielund i Aurdal som sitt enkesete etter at ho måtte flytte ut or prestegarden. Far hennar, Joachim Henrich Stielow bur i alle fall på Sofienlund etter at han blir pensjonist i 1778. Han døyr der i 1791. I 1793 ser det ut til at Anne Sophie har seldt garden til lensmann David Christian Nimb.

      I folketellinga for Christiania i 1801, står fylgjande å lesa: Tolbodgaten. Anne Sophie Landt 60 år, enke, Uden næringsvey, Hennes dotter, Sophia Reitvend Landt, 30 år, ugift. Elisabeth Christiana Lenviig, 9 år, Datters datter. Desse ser ut til å ha fått husrom hjå Kiøbman Adam Larsen Foss. Den andre dottera Hermana Sophie står for folketellinga i 1801 på Toten oppført som gift med Landkræmer og gaardbeboer Caspar Leemvigh. Dei har på det tidspunktet éi dotter, Joachime Frederike Casparsdatter Leemvigh, 8 år. Er det ein skrivefeil ute og går – er Lenviig og Lemvigh sama namnet? Kan det bety at dei har ei dotter som på dette tidspunktet bur hjå tanta og bestemora i Christiania?

      Kilde:
      http://www.aurdalskyrkja.no/det-historiske-hjornet/prestar-gjennom-tida/jonas-landt
    Death 27 Apr 1777  Aurdal, Nord-Aurdal, Oppland, Innlandet, Norge Find all individuals with events at this location 
    Person ID I14519  My Genealogy
    Last Modified 17 Nov 2015 

    Family Anne Sophie Stiilou, "Landt" 
    Marriage 20 Sep 1764 
    Family ID F5651  Group Sheet  |  Family Chart
    Last Modified 17 Nov 2015 


This site powered by The Next Generation of Genealogy Sitebuilding v. 14.0, written by Darrin Lythgoe © 2001-2024.

Maintained by Tor Kristian Zinow.