- Den eldste opplysninga om Hå som prestebustad skriv seg frå 1637. Det dreier seg om eit kongebrev som gav Kristen Lauritsson Lind og kona, Margrethe Pedersdotter, løyve til å bu her i deira levetid, og etterpå kunne eitt av barna deira overta garden. Kristen hadde vore prest i Bø prestegjeld frå rundt 1610.
På denne tida var Bø kyrkje i Nærbø hovudkyrkje i soknet. Bø sokneprestembete åtte garden Hå, som i Kristen og Margrethe sine auge må ha vore ein meir attraktiv plass å bu enn Bø. Kvifor valde dei å flytta? Hå var ein svært god gard med viktige attåtnæringar, som låg sentralt til ved Kongevegen over Jæren og nær sjøen. Dessutan kan det ha spela ei rolle at Njærheim kyrkje i Hå var ombygd eller heilt nybygd på denne tida. I alle høve medførte flyttinga til prestefamilien at Njærheim kyrkje blei ny hovudkyrkje, og prestegjeldet skifta namn frå Bø til Hå prestegjeld.
Kristen Lauritsson Lind og Margrethe Pedersdotter sette opp hus for eigne midlar på Hå. Kristen døydde om lag 1640, og Margrethe gifta seg med etterfølgjaren hans, Peder Nilsson. Etter å ha blitt enkje for andre gong i 1655, flytta Margrethe til garden Søyland, som var enkjesete.
Laurits Samuelson Lind og Margrethe Hansdotter frå Stavanger blei det nye presteparet. Laurits var brorson til Kristen Lauritsson Lind. Arveskiftet etter Laurits og Margrethe, som begge døydde i 1668, vitnar om svært stor rikdom. Den eigentlege prestegardstida på Hå starta etter at den velståande Lind-familien ikkje lenger sat med garden.
Den første presten her utan tilknytning til denne slekta var Peder Eriksen Leganger, som hadde kallet frå 1668 til 1707. [1]
|